2. trinnet var ivrige då dei jobba med koding i undervisninga denne veka. Koding er ikkje nytt for desse elevane, dei jobba med koding på 1. trinn òg.

Trinnet har òg meldt seg på kodetimen, som vert arrangert 3. - 9. desember. Og dei oppmodar fleire til å melda seg på. Eit tips er å starta med oppgåvene tilpassa barnehage, for å læra det mest grunnleggjande først.

Kodetimen er ein skuletime med programmering, ferdig tilrettelagt for alle klassetrinn. Kodetimen er ein del av Hour of Code, som er ein verdsomspennade frivillig, digital dugnad for at born skal kunna læra seg koding i skulen.

Les meir her: kidsakoder.no