Verksemder i følgjande bransjar kan søkje om stønad

  • Lokale verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane, og som kan dokumentera inntektstap og/eller særlege kostnader som følgje av pandemien.
  • Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av inntektstapet og det skal aldri overstiga 75 prosent. Det kan maks søkjast om kr 300 000,-
  • Tilskota skal gjevast som bagatellmessig stønad.

Det vert presisert at idrettslag og organisasjonar / frivillige organisasjonar ikkje vil verta prioriterte i ordninga.

Korleis søkje

Søknad skal skje gjennom www.regionalforvaltning.no
Ordninga finn du under «Kommunal kompensasjonsordning Stord – 3».

Dokumentasjon på tap/kostnader bedrifta har hatt grunna Covid 19 skal leggast ved søknaden.

Vurdering av søknadar

Atheno vil på vegne av Stord kommune handsama søknadane. Formannskapet tek endeleg avgjerd om tildeling.

Søknadsfrist: 24. september 2021.

For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, kontakt Reidun Rykkje i Atheno. reidun@atheno.no tlf 917 45 102