For tildelingsrunde 5 er summen kr. 1 691 000 og for tildelingsrunde 6 er summen kr. 2 538 000,-.

Målet med ordninga er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av nye lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Stord formannskap har vedteke følgjande kriterier for tildeling av midlane

  • Lokale verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane og som har særlege utfordringar som følgje av smitteverntiltaka og kan dokumentera inntektstap og/eller særlege kostnader som følgje av pandemien, skal ha prioritet. 
  • Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av tapt omsetnad/kostnader og det skal aldri overstiga 75 prosent. Det kan som hovudregel maks søkjast om kr 300 000.
  • Reiselivs- og serveringsnæringa og arrangement skal ha særleg prioritet i runde 5.
  • Tilskota skal gjevast som bagatellmessig støtte.
  • Femte og sjette tildelingsrunde skal kompensera for tapt omsetnad etter 1. september 2021.

Lag og organisasjonar er ikkje søknadsberettiga.

 

Korleis søkje

Søknad skal skje gjennom www.regionalforvaltning.no

Ordninga finn du under «Kommunal kompensasjonsordning Stord 5 og 6».

Det skal leggast ved dokumentasjon på tap/kostnader bedrifta har hatt etter 1. september 2021

Søknadsfrist: 4. februar 2022

 

Vurdering av søknadar

Atheno vil på vegne av Stord kommune handsama søknadane. Formannskapet tek endeleg avgjerd om tildeling.

For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, kontakt Reidun Rykkje i Atheno. reidun@atheno.no Tlf. 917 45 102