Kven kan søkje/kriterar

  • Lokale verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane og som kan dokumentera inntektstap og/eller særlege kostnader som følgje av pandemien, skal ha prioritet.
  • Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av kapitalbehovet og det skal aldri overstiga 75 prosent. Det kan maks søkjast om kr 300 000.
  • Tilskota skal gjevast som bagatellmessig støtte.

Korleis søkje

Søknadsskjema finn du på regionalforvaltning.no

Ordninga finn du under «Kommunal kompensasjonsordning Stord».
Det er viktig at de legg ved dokumentasjon på tap/kostnader bedrifta har hatt grunna covid-19.

Søknadsfrist er 1. mai.

Vurdering av søknadar

Atheno vil på vegne av Stord kommune handsama søknadane og gje ei tilråding til formannskapet.

Saka kjem opp i formannskapet  9 juni 2021.

Spørsmål

For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, kontakt Reidun Rykkje i Atheno på e-post: reidun@atheno.no  eller telefon:  917 45 102.