eDialog - send sikker digital post til oss

Med tenesta eDialog kan du enkelt senda brev og dokument til oss på ein trygg måte, også om dei inneheld personsensitive opplysingar og/eller er unnateke offentlegheit.

Å senda dokument med e-post utgjer ein større risiko for at personsensitive opplysingar kan koma på avveie og kan også stoppast i spamfilter. Ved å nytta tenesta e-Dialog, kan du senda inn dokument via ein sikker kanal.

  • Dersom Stord kommune har eigne søknadsskjema til formålet, for eksempel søknad om helse- og omsorgstenester, parkeringsløyve for rørslehemma, ledig stilling m.m. Til skjemaoversikt
  • Dersom du har enkle spørsmål som kan besvarast via e-post. Sentralt postmottak: post@stord.kommune.no
  • Dersom du berre har dokumenta i papirformat, og heller foretrekker å senda dei per post. Postadressa vår er: Stord kommune, Postboks 304, 5402 Stord.

  • Klikk på rett mottakar under
  • Logg inn ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID el.l.)
  • Obligatoriske felt er merka med * (rød stjerne).
  • Vel om du er privatperson (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
  • Tittel: Kva gjeld henvendinga? Skriv gjerne saksnummer.
  • Kommentar: Her kan du skriva inn teksten din.
  • Du kan laste opp vedlegg. Dei fleste format kan brukast, men dokument som skal sendast til PPT, skulane eller barnevernstjenesten må det vera i pdf-format.
  • Klikk på "Send". Sendinga vert kryptert og sendt direkte til oss. Du får kvittering med referansenummer på e-post eller sms.

  • For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF
  • LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylina som heiter "Eksporter til PDF".
     

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?