- Det er godt å få landa dette prosjektet etter å ha arbeida med det i fem år. No ser me fram til det flotte anlegget som vil koma på Nysæter. Me har god von om at GL Prosjektservice vil halda framdrifta, dei går i gang rett over helga, seier rådmann Magnus Mjør.

Skulen skal ha plass til 270 elevar og skal i tillegg til skulen innehalda 25 meters basseng, fleirbrukshall og basishall.

Prosjekteringa starter måndag, og rivinga vil starte opp i august.

Skulen skal vere klar til hausten 2022.