Koordinerande eining i kommunen har ansvar for oppfølginga av dette arbeidet. 

Koordinering tyder: «å få til å verke saman»

Sjå Helsedirektoratet sin film om individuell plan og koordinator:

Koordinerande eining er ein del av Tildelingskontoret i Stord kommune

Og har blant anna ansvar for:

  • Vurdering og sakshandsaming av søknader om individuell plan og koordinator
  • Ha oversikt over personlige koordinatorar og eksisterande individuelle planar (IP)
  • Kvalitetssikre arbeidet med individuelle planar
  • Medverke til opplæring og oppfølging av personlege koordinatorar
  • Ha oversikt over tilbod innan habilitering og rehabilitering
  • Bidra til samarbeid på tvers av fagområder, nivå og sektorar, herunder helseføretak
  • Ha fokus på brukarmedverknad og ha ei sentral rolle i å tilretteleggje for gode overgangar og pasientforløp.