Regjeringa la i går fram justering av påbod og anbefalingar. I hovudsak går det på:

  • Øvrige nærkontaktar har ikkje lenger karanteneplikt, men blir oppmoda om å testa seg tre dagar etter nærkontakt, og ny test to dagar seinare.
  • Skjenkestopp frå klokka 23.00 på stader med skjenkeløyve, og ein må seinast klokka 23.30 slutta å drikka alkohol på skjenkestaden. Det er i tillegg eigne krav til skjenkestaden.
  • Offentlege arrangement innandørs med faste tilviste plassar vert auka til maks 200 personar.
  • Krav til nasjonalt tiltaksnivå på raudt nivå i vidaregåande skular vert oppheva.
  • Krav til gult i barnehagar, barne- og ungdomsskular og SFO vert oppheva.
  • Fortsatt påbod om bruk av munnbind i butikkar og kjøpesenter og på kollektive transportmiddel når det ikkje er mogeleg å oppretthalda ein meters avstand.

Folk er fortsatt tilrådde å halda seg heime når dei føler seg sjuke, særleg ved luftvegssymtom, fram til påvist negativ test.

Sjå alle påbod og anbefalingar på regjeringen.no

Stord kommune har som venta auke i smitte. Etter folkehelseinstituttet sine prognosar vil smitten også auka dei neste vekene. Det ser ut til at smitten først og fremst spreiar seg innanfor familiane, og på private festar der ein ikkje greier å halde avstand. Smitten råkar folk i alle aldrarar, vaksinerte og uvaksinerte. Me veit no at omkron-varianten er meir smittsam, men ein antar at færre vert alvorleg sjuke. Stord kommune oppdaterer heimesida med tal smitta kvar dag, med unnatak av laurdag og søndag.

Stord kommune vil fortsatt følgje dei nasjonale tiltak og tilrådingar. Stord vidaregåande skule og vaksenopplæringa vil frå måndag verta drivne på grønt nivå. Skular og barnehagar vil inntil vidare ha gult nivå. Kriseleiinga vil i neste veke avgjera tiltaksnivå for desse, i samråd med elevar og  tilsette.

Påbodet om heimekontor er vidareført. Besøkstida på rådhuset er inntil vidare kl. 10.30 - 13.30. Politiske møte vert vidareført på Teams.

Smitten gir fortsatt personellmessige utfordringar m.a. i dei kommunale helsetenestene. Det er ei utfordring å få nok vikarar, noko som kan medøra at ein må vurdera nivået på tenestene.

Uvaksinert helsepersonell vert testa to gonger i veka og nyttar munnbind i kontakt med brukar og kollegaer. Besøkande på Stord sjukeheim og Knutsaåsen skal fortsatt bruka munnbind.

Vaksinasjonsarbeidet går for fullt. Per 14.01 har 91,7 % av innbyggjarane teke 1. dose og 48,5 % har fått sin 3. dose.

Kriseleiinga minner om at avstand og hygiene er dei viktigaste tiltaka mot smitte, også om du er vaksinert. Alle med symptom kan smitta vidare, også dei som er vaksinerte.

Kriseliinga i Stord kommune