I veke 45 var det registrert 5 Covid19 positive, i veke 46 var det 10 positive og første dag i denne veka er det alt 6 som er registrert positive. Det er spreidde einskildtilfelle og husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære til desse. Ungdom, vaksne og eldre er representerte.

Dei er komne ved at folk testar seg heime på eige initiativ og deretter får stadfesta positivt funn ved Koronasenteret eller ved at folk kjem til senteret med symptom for testing. I veke 46 vart det 325 personar som testa seg dei 5 dagane senteret var ope.

Kriseleiinga vil minna om at me må halda fram med å vera heime ved nye luftvegssymptom, halda avstand til andre for å unngå å smitta dei og testa oss ved mistanke om korona.

Det er aukande smitteutbreiing i fleire deler av landet og i nærområda våre. Kriseleiinga vil difor oppmode alle om å følgja nasjonale retningsliner og dei råda om smittevern som til ei kvar tid gjeld. Folk må sjølve søkja informasjon på nett-sida til Stord kommune eller www.fhi.no. Det å følgja dei nasjonale smittevernråda er det det viktigaste bidraget den einskilde kan gjera for å avgrensa vidare smittespreiing.

Avstand er framleis viktig som vern mot smitte. Gode vanar for hand- og hostehygiene må vidareførast, også om du er vaksinert. Alle med symptom kan smitta vidare sjølv om dei er vaksinerte.

Vaksineprogrammet held fram

I Stord kommune treng me i tillegg å auka den generelle vaksinasjonsdekkinga. Alle som ikkje har vaksinert seg bør no gjera det. Alle som ønskjer det skal få tilbod. Det gjeld og helsepersonell.

Vaksinering av flest mogleg er grunnlaget for ein normal kvardag der me kan halda smitten under kontroll. Helsepersonell som ikkje er vaksinerte, vil få særskilt krav om smittevern i arbeidet etter kvart som retningsliner frå Helsedirektoratet ligg føre i. l. a. veka.

Me minner om registreringsordninga som ligg på nettsida til Stord kommune. Folk må registrera seg, møta opp til avtalar, eller eventuelt avlysa om det ikkje er aktuelt med vaksine. Les meir om koronavaksinering her.

Det er særleg vaksinering med 3. dose til dei over 65 år og helsepersonell som vil ha hovudfokus framover. Me har som mål at dette i størst mogeleg grad er fullført før jul.

Stord kommune oppmodar om å venda seg til  koronasentralen for koronarelatert informasjon, og unngå å kontakta legevakta for spørsmål om korona.

 

Kriseleiinga i Stord kommune