Utgangspunktet for smitten er den engelske mutanten, og smitten er særleg sterk i barne- og ungdomsmiljø. Det vart difor  umiddelbart sett i verk tiltak i grunnskulen, vidaregåande skular og vaksenopplæringa. Barnehagar er så langt ikkje råka av smitten.

Smitten det siste døgeret er i stor grad sporbar, men ein fryktar at situasjonen kan eskalera.

Den kommunale kriseleiinga hadde i dag møte både med Folkehelseinstituttet, folkehelsedirektoratet, Statsforvaltaren og nabokommunane Fitjar og Bømlo. Dei tre kommunane arbeider mot å innføra lokale forskrifter. For Stord sin del vil spørsmålet vert handsama i eit ekstra møte i formannskapet i dag.

Kriseleiinga vurderer situasjonen som alvorleg, og oppmodar på det sterkaste om at den einskilde tek ansvar og følgjer smittevernreglane. Kriseleiinga i Stord anbefalar bruk av munnbind i situasjonar der ein ikkje kan halda anbefalt avstand, t.d. på kjøpesenter og ved bruk av offentleg transport.

Kriseleiinga i Stord kommune