I Stord kommune har 91,7% av innbyggjarane tatt 1. dose så langt, og pr. 14.01. har 48,5 % fått sin 3. dose.

All vaksinering føregår i Prestegardskogen fleirbrukshall i Nordbygdo, adr. Vestlivegen 46.

Dose 3

Registrer deg i vaksinekø dersom det ikkje er gjort frå før (Du treng berre registrera deg èin gong, og ikkje per vaksine). Du vil få tilsendt invitasjon til å bestilla deg time. Det skal vera 20 veker mellom dose 2 og 3. 

Treng du hjelp eller lurer på noko ta kontakt med koronasenteret på telefon.

Dose 1 og 2

Om du har utsett dose 1 og dose 2 oppmodar me om at du tek kontakt med koronasenteret på telefon for å få vaksinen din. 

Telefonnummeret til Koronasenteret er 53 49 66 66. Det er i periodar stor pågang, særskilt tidleg på dagen, så vent gjerne til etter kl. 12 med å ringa når det gjeld vaksinespørsmål.

Dersom du har vore smitta av koronaviruset skal du ikkje ta koronavaksine på minimum 3 månader.

Vidare plan for vaksinering

  • Veke 3 vaksinering 20. og 21. januar
  • Veke 4 vaksinering 27. og 28. januar
  • Veke 5 vaksinering 3. og 4. februar

Planen kan verta justert som fylgje av vaksineleveranse.