Nokre sentrale punkt om vaksineringa:

  • Vaksineringa er gratis og frivillig
  • Ein skal ha to dosar med minimum 21 dagar mellom 1. og 2. dose. Ved første dose vert det avtalt tid for 2. dose
  • I byrjinga  av vaksineutleveringa frå Folkehelseinstituttet får me avgrensa tal dosar kvar veke. Me vonar at leveransane til Stord kommune vert større etter kvart.
  • Frå veke 2 skal ein nytta 20% av vaksinane til prioritert helsepersonell. Dette for å sikra innbyggjarane dei helsetenester som til kvar er naudsynte for eit forsvarleg helsetilbod. Aktuelt helsepersonell vert kontakta direkte for vaksinering.

Prioriteringa er for mange kjend gjennom media. Kommunen vil følgje opp slik dei neste vekene: 

Bebuarar på sjukeheim og omsorgsbustader

Her er kommunen i gong med vaksineringa. Ein får relativt små leveransar med vaksinar, men slik det ser ut no vert me ferdige med vaksineringa for denne gruppa i slutten av januar.

Innbyggjarar over 85 år

Ein blir kontakta av kommunen med tilbod om vaksine. Me vonar å starta med vaksineringa i slutten av januar eventuelt i byrjinga av februar. Det er eit samarbeid med heimebaserte tenester når det gjeld eldre som bur i eigen bustad og får tenester der. Alle få tilbod om vaksine, uansett om ein får tenester frå kommunen eller ikkje.

Innbyggjarar 75-84 år:

Me vonar at vaksineleveringa vert større når me er komne til denne aldersgruppa. Det vert då annonsert på nettsida vår og gjennom lokale media korleis ein kan få vaksinen, kvar ein skal møta og til kva tid.

I denne aldersgruppa vil ein kunna møta fram etter kva månad på året ein er fødd. Detaljane om dette vert først klare når me har meir informasjon frå Folkehelseinstituttet om leveringa av vaksinane.

Innbyggjarar 65-74 år, og enkelte personar med høg risiko i alder 18-64 år

I denne gruppa vert det som ved førre punkt. Dei med høg risiko i alder 18-64 år vil ein få særskild melding frå kommunen om vaksine, kva tid og kvar ein skal møta.

Innbyggjarar under 64 år

Vil få meir, og særskilt informasjon, etter kvart på nettsida vår og gjennom lokal media.

Sidan vaksineleveringa og kor mange dosar ein får i kvar leveranse ikkje er kjend på noverande tidspunkt kan ein ikkje informera meir eksakt. Vårt mål er at alle som møter opp til oppsett tid skal få sin vaksine, og meir eksakt informasjon kjem etter kvart som me får informasjon frå sentrale mynde.