www.stord.kommune.no

Informasjon kring koronaviruset

I Stord kommune gjer me det me greier av tiltak for å redusera smitta mellom folk. Situasjonen krev omfattande tiltak som gjev store endringar i kvardagen vår. Det er likevel viktig at dette ikkje fører til unødig frykt og panikk. Dei fleste skal kunna koma gjennom dette på ein grei måte. 

​Koronavirus smittar gjennom dråpe- og kontaktsmitte. Koronavirus finnes i små dråpar som kjem ut gjennom munnen og nasa når ein person som er smitta hostar eller nys. Den vanlegaste smittemåten er at du pustar inn dråpar med smitte som svever i lufta eller at du får virus på hendene og får det i deg viss du tar deg i ansiktet. ref. Helsenorge.

Du finn informasjon og konkrete råd om koronaviruset på www.fhi.no og helsenorge.no, du kan og ringa informasjonstelefonen på 815 55 015 som har ope kvardagar 08.00 - 15.30.

Folk med akutt luftvegsinfeksjon må venda seg til fastlege eller legevakt som rådfører seg med kommunal koronasentral på telefon 53 49 66 66 som no har ope 08.30-15.00 alle kvardagar. Utanom opningstidene, helgedagar og laurdag/sundag vert telefonen ruta til legevakta 116117 som kan hjelpa til med rådgjeving.

Nytt frå 2.7.20 - Raskare svar gjennom www.helsenorge.no på tekne prøvar.

Laboratoria vil no sende svaret direkte til folk som har fått teke prøve. Det vert tilgjengeleg på www.helsenorge.no straks det er klart og folk kan få tilgang til dette ved BankID e.l. 

Kontaktinformasjon

Raskare svar på tekne prøvar frå 2.7.20

Laboratoria vil no sende svaret direkte til folk som har fått teke prøve. Det vert tilgjengeleg på www.helsenorge.no straks det er klart og folk kan få tilgang til dette ved BankID e.l. 

Kontaktinformasjon elles:

Ta kontakt med tilsette - til oversikt over einingane våre

Treng du nokon å snakka med i denne tida? 

Ta kontakt med nokon du har tillit til, eller søk hjelp her:

Tal testa og smitta

Dato Totalt tal koronaprøvar tekne fram til og med aktuell veke Total koronaprøvar positive / smitta Kommentarar
       
       
Sum t.o.m. 13.8.20 1148* 7  
Sum utg. veke 32 1013* 6  
Sum utg. veke 30 807* 6  
Sum utg. veke 28 727* 6  
Sum utg. veke 26 643* 6  
Sum utg. veke 24 542* 6  
Sum utg. veke 22 477* 6  
Sum utg. veke 20 419* 6  

Sum utg. veke 18

334*

6

 

Sum utg. veke 17

290*

6

 

Sum utg. veke 16

263*

6

 

Sum utg. veke 15

243*

5

 

Sum utg. veke 14

223*

5

 

Sum utg. veke 13

186*

4

 

Sum utg. veke 12

128*

3

22. mars - tredje person smiltta. Alle tilfella til no, kan mest sannsynleg sporast til smitte i utlandet.

18. mars - andre tilfelle av person som er smitta. Det heng saman med tidlegare kjend smittestad for det første tilfellet. 

Sum utg. veke 11

52*

1

14. mars vart første tilfellet der ein person er smitta av Koronavirus

Sum utg. veke 10

5

0

 

* Koronasentralen tok over testing frå SIL den 18.3. Tal testa vert summert og oppdatert fortløpande når det er klart og kan omfatta nokre frå Bømlo og Fitjar. Tal positive på Covid-19 gjeld berre melde til Stord kommune

Koronasenteret – tlf. 53496666 - særskilt sundagsopning 18.08.20

Koronatelefonen held ope sundag 16.08.20 kl. 12-16. Det er då høve til å gjera avtale for testing seinare same dag.

Det er ikkje påvist auka smitte i Stord, men det er eit tiltak på bakgrunn av auka pågang av folk som treng vurdering.

 

14.08.20 - Ope brev til innbyggjarane i Stord kommune

Hald saman, men hald avstand!

Vel overstått ferie. Me vonar alle har hatt ein fin sommar, sjølv om ferien i år for mange av oss ikkje vart heilt slik me hadde sett den for oss. Medan me på forsommaren var i ferd med å løysa opp på dei strammaste restriksjonane, ser me no at smitten igjen aukar i omfang. Alt tyder på at det vert ein krevjande haust der me alle må gjera vårt for å medverka til å halda smittevernet oppe og smitten nede.

Det er framleis grunnleggjande smitteavgrensande reglar som gjeld:

  • Hald avstand
  • Vask hendene, grundig og ofte
  • Hald deg heime dersom du har luftvegssymptom

Den nasjonale dugnaden held fram, og for å unngå smitte er det viktig at alle deltek. Alle som over tid har vore nærare enn to meter til ein som har fått påvist smitte, kan ha blitt smitta, og skal difor i karantene. For å vera i forkant må me halda avstand i det daglege. Nærkontakt skal avgrensast til våre nærmaste.

Det er viktig at personar med luftvegssymptom tek kontakt med helsetenesta for å vurdera behov for testing. Stord kommune har no god testkapasitet. Det er mange som har teke på seg ekstraarbeid for å få dette til, men me vil ha behov for å nytta fleire tilsette til dette arbeidet utover hausten. Slik kan me som kommune trygga beredskapen dersom smitten skulle auka i omfang.

Me vil oppmoda til å unngå forsamlingar der avstandskrava er vankelege å halda. Ein kan velja å forlata slike. Fleire og små forsamlingar er betre enn færre og store. Har ein vore i ein situasjon med risiko for smitte, bør ein dei neste 10 dagane halda to meters avstand til andre utanfor heimen.

Stord kommune har lagt planar for å best mogeleg kunna handtera ein situasjon med ekstra mange sjuke grunna Covid19. Me har eit godt samarbeid med nabokommunar og Helse Fonna. Saman er me godt rusta til kamp mot sjukdom av viruset. Me er likevel heilt avhengige av den einskilde sin innsats for å halda smitten unna.

Stord kommune sin overordna visjon er Saman om utvikling og velferd. Det er no viktigare enn nokon gong at me alle står saman. Den einskilde – eller det offentlege – kan ikkje få bukt med smitten aleine.

Me takkar innbyggjarane i Stord for innsatsen så langt, og me vil oppmoda alle til fortsatt å stå saman, men om å gjera det på trygg avstand.

 

Med helsing

 

Gaute S. Epland                                            Magnus Mjør

Ordførar                                                         Rådmann

13.08.20 - Nytt smittetilfelle på Stord

Det er registrert eitt nytt smittetilfelle med Covid-19 på Stord.

Vedkomande har vore på utlandsreise, har hatt lite symptom og er i god form. Test vart teke raskt etter symptoma kom og vedkomande har teke omsyn i det daglege på ein god måte før misstanken vart vekt. Det er starta varsling av nærkontaktar med karantene og testing av desse.

Me ber om skjerming av Koronasentralen i denne saka så langt det let seg gjera, då aktuelle nærkontaktar vert varsla.

Stord kommune sin tiltaksplan for avgrensing av smitte blant tilsette

Til tiltaksplan for avgrensing av smitte blant tilsette

Publisert 12.03.20 kl 17.00, oppdatert 11.08.20.

Rehabiliteringssenteret - restriksjonar ved besøk og henting av hjelpemiddel

Mange av dei som nyttar Stord kommunale rehabiliteringssenter er ei sårbar gruppe. I samband med fare for spreiing av Koronaviruset har me følgande restriksjonar:

  • Hovuddørene er låst. Du vert låst inn etter avtale.
  • For besøk i korttidsavdelinga i 3 etg. må avtale om besøk gjerast per telefon. Ring 46 82 96 24 innan kl 14.00 for besøk på ettermiddag same dag eller føremiddag neste dag, og innan fredag kl 14.00 for besøk i helga. 
  • Rekvirerte hjelpemiddel hentast etter avtale.

Ta kontakt på telefon så møter me deg ved døra:

  • Korttidsavdeling i 3 etg: 534 96721
  • 29.06- 17.07: Anna Elisabeth Lundal ergoterapeut: Mob. 46 93 27 69
  • Frå 20.07.20: Bente Bjelland avd.leiar for fysio- og ergoterapi: Mob. 48 18 98 21
  • Dagrehabilitering: Mob. 902 73 365 (stengt 13.08.20 – 07.08.20)
  • Servicetenesta: Mob. 90 80 26 38

Bruk Antibac før du går inn i lokalet.

God sommar - med god avstand

Brev frå ordførar og rådmann til innbyggjarane i Stord.

Me vil takka folk i Stord for innsatsen mot overføring av smitte. Nasjonen har, så langt, lukkast og stordabuen har teke del i dette. Me har no fått høve til å løysa opp i dei strammaste restriksjonane slik at me kan leva meir normalt.

Me må likevel hugsa at «koronaforskriftene» framleis gjeld i heile landet. Me veit at viruset er her og må kjempa mot at det formeirar seg. Dette gjer med ved ulike tiltak som me må halda fast ved. Virus treng oss som berarar, for å kunna formeira seg. Me bremsar formeiring ved å hindra overføring mellom folk.

Levereglar som me må føra vidare i kvardagen er eigentleg lette. Dei let seg gjennomføra. Me kan unngå ny ned-stenging av samfunnet og kan har det triveleg saman. Det gjeld avstand – reinhald av hender og kontaktpunkt – og at dei som kjenner seg litt sjuke i luftvegane, skjermar seg frå andre.

Det vert truleg meir folk på Stord denne sommaren enn me er vane med. Me skal ta imot besøkjande, reisa rundt og vitja kvarande. Sosial aktivitet opnar for overføring av virus. Den skal såleis heile tida kombinerast med dei kjende levereglane for avstand og hygiene. Det får me til og det vil gagna alle. Me kan oppleva at det vert store samlingar av folk, men då kan kvar einskild ta ansvar for avstanden til dei andre og ev. trekkja seg tilbake etterkvart.

God sommar – hugs ein-meteren, hald hendene reine og ta ansvar.

Sjå brevet her.

Unntak frå karanteneplikt - arbeidsgjevar ansvarleg for testing

Nasjonale mynde har innført ei endring i Covid-19-forskrifta i høve karanteneplikta.

Endringa opnar for at personar som er busett i, og som kjem til Noreg frå Schengen- og EØS-område for å utføre arbeid eller oppdrag, og som ikkje er frå dei landa som er unnateke karanteneplikt, likevel kan sleppe karantene dersom dei testar negativt på viruset SARS-Cov-2.

Det er arbeids- eller oppdragsgjevaren i Noreg som er ansvarleg for organisering, gjennomføring og finansiering av testing. Dei som ønskjer testing i denne samanhengen skal kontakte den aktuelle verksemda, og ikkje den kommunale koronatelefonen.

Alle bedrifter med bedriftshelseteneste kontaktar si bedriftshelseteneste for å få utført test.

Kommunal koronatelefon og luftvegsmottak vil framleis vere kontaktpunkt for dei som har spørsmål i samband med symptom på mogleg sjukdom og karantenereglar.

Dersom du er sjuk og treng vurdering, skal du kontakte fastlegekontoret ditt.

Forskrift om endring i covid-19-forskriften

Informasjon om barnehagetilbodet frå måndag 15. juni

Barnehagane i Stord kommune går attende til ordinær opningstida innan måndag 15. juni.

Med bakgrunn i smittevernrettleiar for barnehage publisert 29.05.2020, går barnehagane på Stord attende til ordinær opningstid innan måndag 15. juni. Detaljert informasjon om dette finn de på den enkelte barnehage si nettside.

Endringar i smittevernrettleiaren som vart publisert 29.05.2020 (3. versjon) er:

  • Innføring av trafikklysmodell for å tilpassa kontaktreduserande tiltak
  • Betre råd for skånsom handvask
  • Råd om tilvenning i barnehagen

Trafikklysmodellen med grønt, gult og raudt nivå, som viser kva smitteverntiltak barnehagane skal følgja. Grønt nivå betyr at barnehagekvardagen kan organiserast som normalt. Det vil sei vanleg organisering av avdelingar. På gult nivå kan heile avdelingar reknast som ein kohort. Barnehagane må framleis ha fleire tiltak for å redusera kontakt og halda avstand mellom ulike kohortar. På raudt nivå skal barna delast inn i mindre grupper og kohortar. Barnehagane må vurdera ulike oppmøtetidspunkt for barna og sørga for at det er avstand mellom kohortar som ikkje samarbeider.  

Myndigheitene har sagt at barnehagane no skal vera på gult nivå. Dersom smittesituasjonen i samfunnet endrar seg, må barnehagane vera budde på å endra tilbake til raudt nivå. Barnehageeigar må planlegga for alle situasjonar og laga ein beredskapsplan slik at dei raskt kan veksla mellom dei ulike nivåa. Utdanningsdirektoratet har laga eit framlegg til ein slik beredskapsplan for barnehage.

Dei viktigaste smittevernførebyggande tiltaka som står omtalt i smittevernrettleiaren er:

  • Sjuke personar skal ikkje vera i barnehagen
  • God hygiene
  • Redusert kontakt mellom personar

Lenker

Rettleiar om smittevern i barnehagar under covid-19 utbrotet 2020.

Informasjon om skulane i Stord frå veke 23 - smittefarenivå frå raudt til gult

Regjeringa og helsemyndigheitene har justert smittefaren i høve covid-19 frå raudt til gult nivå, og skulane i Stord må tilpassa smitteverntiltaka etter desse føringane. Det kjem ei oppdatert smittevernrettleiing for barne- og ungdomstrinn i morgon, fredag 29. mai.

Allereie i dag kan me informera om at innan torsdag 4. juni skal alle elevane i barneskulane få eit undervisningstilbod på skulen kvar dag, medan elevar på ungdomsskulen får tilbod på skulen kvar dag alt frå 3. juni. Skulane vil gjera lokale tilpassingar, og uteskule eller til dømes idrettsdagar utandørs vil verta gjennomførte som planlagt.

Endringane i organisering innber at elevane får møta og vera saman med lærarane og medelevane sine kvar dag og at elevane kan få undervisning i sine faste grupper/klassar. Faste grupper er framleis viktig for å kunna spora eventuell smitte, men ein kan auka tal elevar i gruppene.

Ein skal endra frå gult til raudt nivå ved eventuell auka smittespreiing i landet eller i regionar. Det er nasjonale helsemyndigheiter som avgjer kva tid ein skal driva opplæring i tråd med gule eller raude smittevernreglar, ikkje kvar skule, ut frå korleis dei vurderer smittesituasjonen.

Det er framleis særs viktig at dei som er sjuke vert heime og at ein praktiserer god handhygiene og held avstand til andre. Slik det ser ut no, kan ein starta med gult nivå i august, men situasjonen kan endra seg raskt. Skulane nyttar fredag og tysdag til å utarbeida beredskap for organisering både i høve gult og raudt nivå.

Her kan ein lesa meir om gult og raudt nivå i høve smittevern

Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter har opna for besøk

  • Alle besøk skal avtalast med aktuell avdeling/gruppe på førehand.
  • Alle besøkjande skal registrerast i besøksprotokoll med fullt namn, telefonnummer, kven dei besøkjer og dato og klokkesett for besøk.
  • Alle besøk skal skje på rom eller ute. Det er ikkje tillatt for besøkjande å opphalde seg eller gå inn i fellesareal i avdelingane.
  • Besøkstider er mellom 11:00- 12:30 og 16:30-18:00 alle dagar.

Smittevernsreglar ved besøk:

  • Handdesinfeksjon/handvask skal nyttast når ein kjem inn i avdelinga og når ein avsluttar besøket.
  • Personalet skal følgje besøkjande inn og ut av rommet. Gi difor beskjed når du skal gå.
  • 1 metersregel skal oppretthaldast og unngå ansiktskontakt.
  • Bruk ringesignalanlegg på rommet for å få kontakt med personalet.
  • Har du symptom på luftvegsinfeksjon, feber eller anna smittsam sjukdom får du ikkje komme på besøk.
  • Vert du sjuk eller får symptom på luftvegsinfeksjon innan 48 timar etter besøk på Knutsaåsen omsorgssenter skal avdelinga informerast.

Stord sjukeheim vakttelefonar. Ta kontakt for å avtala besøk:

  • Avdeling Backertunet 53 45 45 11
  • Avdeling Gullberg 53 45 44 21
  • Korttid 53 45 45 32
  • Avdeling Vikjo 53 45 43 62
  • Avd. Knausen/Kringsjå 53 45 43 75
  • HDO, 3.etasje 908 51 416

Døra i hovudingangen er open i besøkstidene. Gå til den avdelinga du skal til og ring på der.

Knutsaåsen omsorgssenter. Ta kontakt for å avtala besøk:

  • 53 45 43 34 eller 53 45 43 44 (telefonen er betjent på kvardagar mellom 08.00 og 12.00).

Endringar i drifta i Førebyggande tenester

Generelt 

Me oppmodar alle til å fylgja nasjonale smittevernsråd og reglar for karantene/isolasjon og ha omsut for kvarandre i befolkninga i ei, for mange, vanskeleg tid. Følg folkehelseinstituttet sine sider for oppdatert informasjon til ei kvar tid.

Me ber om at alle som har teikn til sjukdom ikkje kjem på besøk til oss, men tek kontakt på telefon til den du ynskjer kontakt med. Her er oppdatert kontaktliste for personar og kontor som arbeider med barn og unge i Stord kommune

Helsestasjon 0-5 år

  • Dei minste barna vert prioritert for å gjennomføra barnevaksinasjonsprogrammet fram til 15 mnd.
  • Me ber om at barnet berre kjem i fylgje med ein vaksen for å avgrensa antal personar og smitte
  • Me vil ikkje gå på heimebesøk i denne perioden me no er inne i, men inviterer dykk til helsestasjonen
  • Helsestasjonen i Sagvåg, Blåbygget vert endra drift på og flytta til helsestasjonen i Myro på Leirvik, Lønningsåsen 9b.
  • Har de spørsmål ikring dette ta kontakt med oss på helsestasjonen

Skulehelsetenesta 

Er på plass på alle skular, ta kontakt med din helsesjukepleiar om det er noko de lurer på, treng å snakka om eller treng råd om.

Svangerskapsomsorga

  • Tidleg i svangerskapet vil me ha telefonisk kontakt og i uke 24, 28, 32, 36, 38 og 40 vil ein ha konsultasjon med jordmor på helsestasjonen
  • Me ber om at den gravide kjem åleine grunna smittevernhensyn
  • Me vil ikkje komma på heimebesøk i denne peridoen, men samkøyrer denne konsultasjonen etter fødsel med helsesjukepleiar i helsestasjon
  • Ta kontakt med jordmor om det er noko du treng råd og rettleiing til 

Reisevaksine

Me utfører lite reisevaksinering i desse dagar grunna alle restriksjonar og smittevernhensyn. Har du spørsmål ikring dette, eller følgjer eit bestemt program for vaksinering ta kontakt på telefon 480 78 895.

Helsestasjon for ungdom

Ope onsdagar kl 18.00 til 20.00, på helsestasjonen i Myro, Lønningsåsen 9b. Kontaktinformasjon finn du her. 

No er helsestasjon for ungdom godt i gang igjen og det er ope for drop-inn timar igjen. Det er viktig at du kjem åleine og regelen om ein meter avstand gjeld framleis. Hugs at du må vera frisk, og ikkje kan ha symptomer på luftvegsinfeksjon; hoste, sår/vond hals og/ eller feber.

Utekontakten

Ungdomskontakten og SLT- koordinator er å treffe på telefon for spørsmål, ein prat og/eller avklaringar ta kontakt.

PPT

Treng du kontakt med PPT eller har spørsmål ikring pedagogisk psykologisk teneste, finn du kontaktinformasjon her.

Spesialpedagogisk team 

Treng du kontakt med spesialpedagogisk team tak kontakt med einingsleiar på tlf. 92064415

 

Følg oss på Facebook

Kommunal koronasentral

Opningstider frå og med 03.08.20:
08.30 - 15.00 alle kvardagar
Utanom opningstida vert telefonen sett over til legevakta (116117)

Sentralen skal vera med i arbeidet for å avgrensa luftsmitte med korona frå sjuke mellom folk og særleg i helsetenesta. Fastlegar og legevakt kan visa folk dit ved luftvegssjukdommar som må vurderast i høve koronasmitte. Den er eit tillegg til fastlegekontora der legen meiner det kan vera aktuel med testing og  for å kunna følgja opp folk md påvist smitte. Fastlegar og legevakt skal kontaktast som før ved trong for  legehjelp eller -råd. Det skal nyttast telefon først for å avklara kva tiltak som er aktuelt og korleis problemstillinga kan løysast.

Folk med akutt luftvegsinfeksjon og som ikkje rekk inn til fastlege eller legevakt, kan unntaksvis kontakta kommunal koronasentral på telefon 53 49 66 66Den er no open alle kvardagar kl. 08.30-15.

Raskare svar på tekne prøvar frå 2.7.20

Laboratoria vil no sende svaret direkte til folk som har fått teke prøve. Det vert tilgjengeleg på www.helsenorge.no straks det er klart og folk kan få tilgang til dette ved BankID e.l. 

Oppdatert 2. august.2020.

Kva kan du gjera?

Rapportere mistanke om koronavirus

Dersom du har symptom som kan vera koronavirus; som hoste, pustevanskar eller feber kan du melda frå om dette på helsenorge.no. Løysinga legg til rette for sjølvrapportering av symptom frå alle innbyggjarar. Dette er ett av flere tiltak for å få oversikt over smitte i Noreg. 

Meld frå ved mistanke om koronavirus

Hygiene, skjerming og karantene

Nøye reinhald av hender og gode hoste/nyserutinar. Sjå plakat lenger nede på sida.

Kjenner me oss sjuke med luftvegssymptom, feber og hoste eller gjerne berre lettare symptom, bør me skjerma resten av familien og folk me kjem i nærkontakt med. Det må vera låg terskel for å vera heime frå jobb og skule for å bremsa utbreiinga av luftvegsinfeksjonar.

Dei som er i heimekarantene og får symptom, treng ikkje kontakta helsetenesta for testing. Dei må halda fram karantene i alle høve, anten testen er positiv eller negativ. Kontakt med helsetenesta trengst berre om ein kjenner seg svært sjuk og trur det trengst innlegging i sjukehus.

Folk vert såleis oppmoda om ikkje å belasta helsetenesta med spørsmål om å få vita om ein har koronasmitte eller ikkje. Les meir om karantene på Helsedirektoratet si side.

Gode råd og restriksjonar:

  • Er du sjuk – hald deg heime frå jobb.
  • Hald deg mest mogleg heime
  • Sørg for god handhygiene og hostevanar til ei kvar tid
  • Halda minst 1m avstand mellom kvarandre og ver ikkje i større grupper enn 20 personar (unnateke familiar og husstandar som høyrer saman i det daglege) Ved arrangement kan 50 personar samlast med med fortsatt 1 meters avstand mellom kvarandre.
  • Innadørs i opne lokale, på arbeidsplassar o.l. skal folk i størst mogleg grad halda 1m avstand mellom kvarandre under arbeid m.m.

Hald deg oppdatert om koronavirus på regjeringen.no, helsenorge.no og fhi.no 

18.03.20 - to personar smitta

Tilfelle nummer to som er stadfesta Covid-positiv smitta i Stord var registrert. Det heng saman med tidlegare kjend smittestad for det første tilfellet. Vedkomande var såleis i karantene ei tid også før prøven vart teken. Alle kjende nærkontaktar til desse tilfella sit i heimekarantene og fleire har hatt dette heilt sidan før det første tilfellet på Stord. Det får såleis ikkje konsekvensar for nokon andre. Folk treng såleis ikkje kontakta Koronasenteret, om dei lurer på om dei kan har vore utsett for smitte. Smittekjelda er utanfor Stord og aktuelle nærkontaktar er varsla for karantene.

Dette viser at det er viktig at dei som er i karantene gjennomfører denne tilfredsstillande. Me kan då «ringa inn» smitten kring kvart einskildtilfelle som vert påvist og såleis dempa smitten utanfor husstanden. Dette er eit viktig grep som alle må vera med på å bruka i kampen mot dette viruset.

Me treng DI hjelp

Har du moglegheit å hjelpe til? Me står i ei tid der eigne tilsette er hindra frå å koma på jobb, og det er venta at situasjonen vil tilta.

Me vil ha bruk for helsepersonell og andre som kan tenkja seg å bidra. 

Kan DU bidra? Ta kontakt via sentralbord 53 49 66 00 eller send inn skjema her. 

Korona og små bedrifter

Deler av arbeidslivet i Sunnhordlandsregionen opplever vanskelege tider som følgje av Korona-epidemien. Næringsselskapet Atheno AS vil no utvida tilbodet av rådgjeving til å omfatta bedrifter som opplever slike utfordringar. Selskapet har til dagleg oppgåva med å rådgje i samband med bedriftsetableringar for Stord kommune. Kommunen har no mellombels godkjent at ressursane til dette føremålet vert omdisponerte slik at Atheno AS kan gje ei tettare oppfølging av verksemder som har fått problem som følgje av epidemien.

For meir info sjå vedlagde presseskriv eller www.atheno.no

Les om regjeringa som vil dekka faste kostnadar for å redda arbeidsplassar

Les også at regjeringa gir 50 millioner kroner til kompetanseutvikling for å hindre permitteringar og oppseiingar

Oppdatering 15.03.20

Kriseleiinga i kommunen har i dag hatt sitt daglege møte for å gå gjennom status for dei ulike sektorane. Sjølv om mange er sendt på heimekontor og ein del i karantene har me fortsatt forsvarleg drift av tenestene våre. Legevakta har ein del ventetid på telefonen og me vurderer tiltak for å redusere denne.

Sidan bebuarane på sjukeheimane  og bufellesskapa våre er ei utsett gruppe, og utbreiing av smitte i befolkninga er uklar, vel me å stenge for besøkande frå og med i dag. Stord hamn vil frå i morgon vera stengt for mannskap og passasjerar som kjem frå utanriksfart. Forbodet gjeld ikkje godstrafikk og innanriksfart.

Kommuneoverlegen som tok den omtala prøven utan fullt verneutstyr, er i karantene. Etter gjeldande regelverk skal ikkje personar utan symptom testast for smitte, noko som i dette tilfellet også er avklart med helsetenesta.

Kriseleiinga søker å beskytta seg mot smitte ved å i større grad arbeida på heimekontor. Møta i krisestaben vert så langt som råd avvikla som fjernmøte på telefon og Skype. Gruppeleiarane for dei politiske partia vil i morgon måndag bli orientert og skal drøfta situasjonen.

I ei tid med store utfordringar er det positivt å registrere dugnadsånda me opplever både frå tilsette, næringslivet og frivillige organisasjonar.

Kværner hjelper kommunen med smittevernsutstyr og tilbyr praktisk hjelp
Røde kors tilbyr personell til praktisk hjelp og sjåførteneste
Personar som bur på flyktningmottaket tek kontakt og tilbyr hjelp
Anne Beathe Ulveset Lilletvedt har oppretta nabohjelpgruppe på Facebook.

Ordførar Gaute S. Epland rosar den store viljen til å stilla opp i den vanskelege situasjonen. –Me opplever forståing og velvilje for dei tiltaka som er sette i verk, seier Epland, samstundes som han minner om råda frå styresmaktene om å halda seg mest mogeleg heime og  halde god avstand til andre dersom ein er ute og møter folk.

         

Magnus Mjør , rådmann

Knut J. Gram, kommunalsjef

14.03.20 - ein person smitta

Stord kommune har no registrert det første tilfellet der ein person er smitta av Koronavirus. Med bakgrunn i utvikinga me har sett i landet, er ikkje dette uventa og me lyt rekne med at me får fleire tilfelle i dagane som kjem.

Kommunen har sett i verk tiltak i samsvar med gjeldande rutinar. 

Kommuneoverlegen som tok prøven er i karantene, noko som i utgangspunktet ikkje har konsekvens for dei han har vore i kontakt med. Dersom vedkomande har symptom og vert testa positivt, vil personar han har vore i nærkontakt med få varsel om karantene.

Kommuneoverlegen vil kunna utføra deler av arbeidsoppgåvene sine frå heimekontor. Andre oppgåver vil bli ivaretekne av annan lege. 
Kommunen vurderer fortløpande tiltak som følgje av den nye situasjonen, og oppmodar alle om å følgje styresmaktene sine retningsliner slik at konsekvensane for Stordsamfunnet blir minst mogeleg. Ein minner særleg om at forbodet mot gjennomføring av arrangement også omfattar private samkomer med mange deltakarar.

Kontaktpersonar i kommunen:
Ordførar Gaute Epland, telefon 95446307
Rådmann Magnus Mjør, telefon 91644039
Beredskapsansvarleg, kommunalsjef Knut J. Gram, telefon 97552011

Stengde publikumsbygg

Stengte publikumsbygg /tilbod - ta kontakt på telefon  

  • Stord rehabiliteringssenter. Ta kontakt med Bente Bjelland, ergoterapeut: 481 89 821.Gjeld også alle leigeavtalar, anten det er basseng eller kantine.
  • Dagsentera innanfor psykisk helse og rus; Maris og Hamna..Brukarar og pårørande kan ta kontakt med Diana Marie H. Bergeland på tlf. 53 49 66 61 eller avdelingsleiar Kenneth Stenbråten på tlf 994 40 508
  • Sjukeheim tlf 53 45 45 00 og Knutsåasen omsorgssenter tlf. 54 43 43 34 - ope for besøk. Må avtalast.
  • Stord hamn - mannskap og passasjerar som kjem frå utanriksfart
  • SKE bygg Heiane og Leirvik 

Restriksjonar for å avgrensa Koronasmitte

Det vert tillete at maks 200 personar kan samlast og tilrådd at folk sit med god avstand (minst 1 m) mellom den einskilde eller ulike grupper

  • Maksimalt tillet ein at 200 personar er samla, t.d. i samband med kyrkjelege arrangement, foreiningar og andre tilstellingar, men òg organiserte selskap.
  • Ved private samankomstar er maksimalt tillate tal 20 personar samla i gruppe - avstandsråda gjeld og for desse

Institusjonar

  • Bufellesskap er stengt for besøkjande

Særlege retningsliner for gravferd

  • Det er tradisjon at mange møter i gravferd for å vise respekt for den døde og familien.
  • Ofte er mange deltakarar i gravferd i risikogruppa for å utvikle eit alvorleg sjukdomsbilete dersom dei blir smitta.
  • Avgrensing på 200 personar gjeld òg deltaking i kyrkje og minnestund.
  • Me oppmodar at ein vurderer å syne si respekt og medkjensle på anna vis enn å møta opp i kyrkja, for å redusere risiko for smitteoverføring for dei som held gravferda og andre gjester.
  • Kondolanse bør skje utan handhelsing, klem eller anna fysisk kontakt.

Utestadar

  • For utestadar og arrangementslokale gjeld krav om smittevernfagleg forsvarleg drift m.a. styrt av storleiken på lokala og tilhøve for god hygiene/reinhald
  • Arrangement på serveringsstad er avgrensa til maksimalt 200 personar
  • Det skal leggjast til rette for at personar kan halde ein avstand til andre på minst 1 meter.
  • Sørga for skjerpa hygienetiltak som vask av kontaktflater.
  • Servering av alkohol skal berre gå føre seg som bordservering

Arrangement for barn og unge

  • Arrangement for barn og unge som samlar større grupper bør avlysast.
  • Arrangement der det kjem tilreisande frå andre kommunar bør avlysast.

Fysioterapitenester

  • Avgrensa til det som er avgjerande viktig i høve medisinsk forsvarleg behandling.

Alle restriksjonane har heimel i Smittevernlova § 4-1.

Oppdatert 03.08.20.

Kva gjer kommunen ?

Det er etablert ein Koronasentral for folk med akutt luftvegsinfeksjon som kan ha samanheng med koronasjukdom. Det er plassert i Blåbygget i Sagvåg og dekkjer Bømlo, Fitjar og Stord i deler av døgeret. Det skal vera eit tilbod som fastlegar eller legevakt kan visa til når dei har hatt kontakt med personar som bør vurdersts for test på Korona. 

Legevaktsentralen 116117 vert styrka med for auka tilgjenge og kan utvidast.  

Senteret er tenkt styrka med fleire legar og anna personell etter trong.

Fastlegekontora har lagt om rutinar og driv utstrekt konsultsjon på telefon for å unngå at smitteførande personar vert flytta ut av heimen utan god grunn. Det er ingen frammøte på legekontora utan at det er avtala på førehand.

Det ligg føre planar for auking av tal korttidsplasser i institusjon gjennom fortetting (tomannsrom) og/eller nyetablering.

Kommunen er rigga for å følgja dagleg med på utviklinga av situasjonen og tilrådingane som kjem frå Folkehelseinstituttet, Helsedirektorat og Fylkesmannen i Vestland. Desse vert vurderte opp mot og tilpassa lokale tilhøve.

Tidlegare informasjon.

Den første aktive fasen starta primo februar med førebuing til arbeid med smitteavgrensing. Informasjon til folk og aktuelle einingar i kommunen. Klargjering av fastlegekontora og Sunnhordland Interkommunale legevakt. Informasjon til folk for å verna mot press som ville kunna blokkera ordinære tenester, og gje oss vanskar med å tilby forsvarleg helsehjelp generelt.

Smitteavgrensing starta for fullt i veke 9, med ein del avklaringsarbeid mot einskildpersonar og reisefølge. Fokus på reisande frå område med epidemi og nærkontaktar til påvist smitta (nærleik under flyreiser) og ev. nærkontakt tilfeldig til seinare påvist sjuke andre stader i landet. Førebels er hovuddelen av alle funn knytt til utlands reiseverksemd. Dette gjeld og nabokommunane. Dette arbeidet held fram.

Helsetenesta i det daglege er enno ikkje under vesentleg press i Stord. Sjukehuset har inntil vidare, ikkje auka pågang grunna dette. Det ser ut til at folk har fått med seg at kontakt på telefon med fastlege eller legevakt er første skritt ved trong for sjukdom.

Nasjonal epidemi er venta og det er ved utgang av veke 10, uvisst kva tid lokal smittespreiing vil starta og auka på. Me veit at dei fleste som får smitten, kan rekna med å få lette symptom, med trong for fråver i arbeid, skule og barnehage i 2-3 veker eller mindre.

Me er klare for å kunna ta hand om dei første tilfella av sjuke som treng helsehjelp når dei kjem, anten dei treng kontakt og oppfølging heime eller sjukehusbehandling. Kommuneoverlegane i sjukehusområdet til Helse Fonna, Stord sjukehus og i Stord og Bømlo samarbeider om å vera tilgjengelege for helsetenesta 24/7 frametter. Dei vil få jamleg rapport frå dei ulike legesentra anten det er noko å rapportera eller ikkje. Det er ei fastlagd grunnbemanning som vil kunna utvidast ved flytting av personell og ev. av oppgåver. Fastlegekontora og legevakt har etablert rutinar for korleis folk som kan vera smitta og treng helsehjelp, skal handsamast. Folk som er uroa eller trur dei er smitta skal halda seg heime og få råd over telefon. Tilfelle som treng prøvetaking, vert melde til kommuneoverlege som administrerer dette så lenge tal på mistenkte tilfelle er overkommeleg. Opptrapping av dette kan raskt etablerast om det vert vurdert som føremålstenleg. Det er forventa at prøve-taking etter kvart vert trappa ned og berre nytta som reiskap for å skilja uklare tilstandar frå einannan, særleg i sjukehus.

Kommunane i området og Helse Fonna har etablert ei koordineringsgruppe som vil kartleggja ressursar og kapasitet i området med tanke på ei utvikling som krev endra strategi for bruk av sjukehus, institusjonar og heimebehandling/observasjon. Me nyttar planverk som er laga for slike høve. Det vert gjort eit omfattande kartleggingsarbeid og førebuing i høve materielltilgang og bevisst bruk av dette med tanke på avgrensa tilgang. Personelloversyn og restriktive tiltak i høve fråver/ferie er klargjort. Plan for utviding av tal  på sjukeheimsplasser ved trong for det, komb. med omdisponering av personell er klar for aktivering. Oksygenlager og tilgang på surstoff er klargjort i samla oversyn. Plan for auka kapasitet til handsaming av utskrivingsklare pasientar frå sjukehus ved trong for omdisponering av sengeplasser der, er klar. 

Det vil verta trong for særskilt omsyn til nokre aldersgrupper, funksjonshemmingar og grad av sjukdom utover den aktuelle infeksjonen.

Fylkesmannen har telefonmøte med kommunane der statlege tilrådingar vert ført vidare. Det kjem råd som vert bygd inn i lokal handlingsplan for koronasituasjonen i kommunen.

 

Oppdatert 23.03.20

Publisert 08.03.20

Ros til folk på Stord – telefonkontakt fungerer

Det er viktig at dei som berre søkjer informasjon og konkrete råd om korona nyttar www.fhi.no og www.helsenorge.no i første omgang. Om dei ikkje finn svar på det dei lurer på der, kan dei ringja informasjonstelefonen for Koronasmitte på 815 55 015

 - Det verkar som folk i Stord er flinke å følgja råd som er sende ut i høve koronasituasjonen. Dei kontaktar fastlege på dagtid eller legevakt på telefon, når dei er usikre eller trur dei er smitta. Legevakttelefonen vert ikkje unødig blokkert og kan samstundes nyttast til det den eigentleg er tenkt til. Det er flott, seier kommunelege Lars Helge Sørheim.

03.03.20

Influensa og koronavirus

Influensa gjev hovudverk, muskelsmerter, feber, hoste og «snørr og tårer» (luftvegssymptom). 

- Slik me bur og lever så vil dei fleste av oss tola dette viruset heilt greitt. Rapportane seier at Covid 19 er ein grei luftvegsinfeksjon som ikkje treng behandling. Nokon (få) kan verta sjukare enn andre og kan trengja sjukehusbehandling. Me må sikra at me er budde på å gje dei skikkeleg hjelp slik at flest mogleg av desse overlever, sieer kommunelege Lars Helge Sørheim.

Stord kommune føl opp tilrådingar frå Folkehelseinstituttet og Fylkesmannen. I tillegg er det etablert ei koordineringsgruppa mellom kommunane i området og Helse Fonna.

Det er folk og helsetenesta i kommunane som kan dempa smittefaren og såleis avgrensa utbreiinga og toppen på epidemien.

Folk som får luftvegssymptom eller feber etter nyleg å ha vore på utlandsreise, må reagera på dette. Dei skal halda seg i ro, heime, skjerma andre for smitte og kontakta lege eller legevakta (116 117) på telefon. Slik kan me avklara om det trengst undersøking og avgrensa utbreiinga litt, med tiltak for desse.

Ta først kontakt på telefon !

27.02.20

 

Hygieneplakat

Tips ein ven  Skriv ut

Skjema

Dokumenter

Snarvegar
Publisert