Kven kan søkja

  • Frivillige lag og organisasjonar.
  • Fleire einskildpersonar/samanslutningar.

Vilkår

Tilttaket skal vera ope for alle.

Dersom organisasjonar som driv religiøs eller poltitisk verksemd søkjer om midlar er det ein føresetnad at tiltala skal ivareta omsynet til ulik religiøs og politisk bakgrunn. Alle tiltak skal vera rusfrie.

Det vert ikkje gitt tilskot til følgjande

  • Lukka arrangement.
  • Kurs- og seminarverksemd
  • Reise- og turneverksemd
  • Kommersielle arrangement/prosjekt
  • Innkjøp av materiell/utstyr

Søknaden skal innehalde

  • Mål for tiltaket
  • Plan og program for arbeidet/tiltaket
  • Omtale av eventuelle samarbeidspartar
  • Budsjett 

Organisasjonar som søkjer tilskot må ha organisasjonsnummer, og må gje opp dette i søknaden før den vert handsama. Dette for å sikra at verksemda oppfyller dei formelle kriteria for å vera juridisk person, og at verksemda har oppretta bankkontonummer. Søknad skal sendast til Stord kommune.

Kvar tildeling kan vera på minst kr 10.000 og ha ei øvre grense på kr 50.000. Komite for næring, miljø og kultur fordeler midlane.

Alle felt merka med raud stjerne er obligatoriske.

Når du har sendt søknaden vil du få ein e-post med kopi av det du har skrive i søknaden. Om du ikkje skulle få ein slik e-post, kan det vera at det er er ein feil i e-postadressa du har oppgitt  eller at du kan ha gjort ein annan feil i utfyllinga. Det er difor viktig at du oppgjev korrekt e-postadresse og at du er nøye med utfyllinga. Om du likevel får problem kan du melda slike her. Her kan du også melda ev. andre feil du finn i skjemaet.

Rapportering

Rapporten skal innehalda ei skildring av kva pengane har vorte brukt til og godkjend rekneskap for bruka av midlane.

Rapporten skal sendast seinast 3 månader etter at tiltaket er avslutta.