Løyve gjeld i to år frå avtaletidspunkt
Det blir gitt løyve til eitt firma, med inntil 250 køyretøy. Syklane skal plasserast ut slik:
Baseområde |
Stad |
Maksimal del av utleigar sine køyretøy |
---|---|---|
Rommetveit | Ved Høgskulen | 50 |
Leirvik/Vabakkjen |
Kulturhuset, p-plass Vabakkjen, Torget |
120 |
Sagvåg | Ved Blåbygget | 50 |
Heiane | Ved Heiane senter | 30 |
Tal og plassering skal vurderast på nytt etter tre månadar, og kan bli endra i heile avtaleperioden.
Søknadsprosedyre og søknadsfrist
Søknad om avtale skal minst innehalde:
- søkjar sitt namn, adresse, organisasjonsnummer, e-postadresse, telefonnummer og kontaktperson
- stadfesting på registrering i Einingsregisteret
- plan for korleis søkjar skal organisere fjerning, flytting, omplassering og rydding av køyretøy etter § 6d i Stord kommune si forskrift
- dokumentasjon som viser rutinar for branntryggleik, samt vurderingane som ligg til grunn for desse.
- dokumentasjon som viser rutinar for handtering av defekte batteri, og batteri som skal til gjenvinning.
- dokumentasjon på miljø-/klimatiltak og klimarekneskap
- dokumentasjon frå 2 referanseoppdrag som er samanliknbare
- tekniske data om syklane som batterikapasitet, app-styring og anna relevant informasjon
- stadfesting på at søkjar fyller krav til teknologi som er omtala i avsnitt lengre ned
- stadfesting på at tilsette har løns- og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande føringar
Søknad skal sendast via edialog - sikker innsending av post
Søknadsfrist er 12.06.22 kl 23.59.
Kommunen skal vere ferdig med si sakshandsaming seinast 25.juni.
Vilkår for bruk av løyvet
Vilkår for bruk av løyvet er vist i kommunen si forskrift: Forskrift for utleige av elsparkesyklar og andre små elektriske køyretøy på offentleg grunn i Stord kommune
Digitale soner
Utleigar pliktar å setje i verk midlertidige og permanente soner slik dei er vist på vedlagte kart:
Geofence Stord kommune med bakgrunnskart
Geofence Stord kommune fargekodar
Krav til teknologi og rapportering
Kommunen leverer oversikt over soner og parkeringsområder i json og geojson-format. Utleigar må ha teknologi for å ta i mot oversikta og setje i verk geogjerder (geofence).
Utleigar skal levere opne digitale data til kommunen kvar månad innan den 7. i påfølgande månad. Følgjande data skal rapporterast:
- Tal turar som er gjennomført
- Statistikk som viser dei viktigaste transportetappane – kvar syklane blir brukt
- Antal og tema for klager og henvendingar
- Ulukker og hendingar
- Firmaet si vurdering av korleis utleigeordninga fungerer
- Eventuelle forslag til endringar med grunngjeving
Gebyr
Som følgje av §8 i kommunen si forskrift skal utleigar betale gebyr for dekning av kommunen sine utgifter med verksemda. Gebyret for denne avtaleperioden er 2 kroner per sykkel per dag.
Gebyret skal betalast på forskot kvar månad med forfall den 1. i månaden.
Kriterium for rangering av søkjarar
Berre søkjarar som fyller krav i kommunen si forskrift og denne kunngjeringa blir vurdert.
Ved vurdering av søkjarar vert følgjande lagt til grunn:
Kriterium | Vekting |
---|---|
Plan for organisering av drifta og korleis tryggleik og framkome blir ivaretatt | 40 |
Dokumentasjon på rutinar for branntryggleik og handtering av defekt utstyr | 30 |
Miljø-/klimatiltak, klimarekneskap | 30 |
Klage
Vedtak om å gi eller ikkje gi løyve er enkeltvedtak som kan klagast på. Avvising av søknad pga. manglar kan også klagast på. Frist for å klage er tre veker etter at vedtaket er mottatt.