Søknad om løyve til nedlegging av dam Lønningsåsen i Stord kommune
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke søknad frå Stord kommune om løyve til å fjerna dam Lønningsåsen i Leirvik. Søknaden med vedlegg er lagt ut på NVE sine nettsider Lenke til et annet nettsted. Frist for merknad er 27. august.
Alternativet til nedlegging er at ein ny eigar overtar anlegget, jf. vassressurslova § 42. Dersom nokon ønskjer å ta over vassdragsanlegget for at dam Lønningsåsen skal bli ståande, ber vi dykk kontakta NVE innan 27.08.25.
Merknad
Alle som har ei meining om saka kan uttala seg.
Høyringsuttale kan sendast oss elektronisk via nettsida, per e-post til nve@nve.no eller per post til NVE, Energi- og konsesjonsavdeling, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo.
Merk brev eller e-post med «Høyringsuttale 202410646».
Frist for å sende uttale er 27.08.25.
Sist oppdatert
