Kva kulturminne er viktige for deg?
Kulturrådgjevar Ragnhild Tveit ønskjer å høyra frå deg.

Kulturrådgjevar Ragnhild Tveit på trappa utanfor eit verna kulturbygg. Foto: Runa Nordahl.
Kva hus, stadar eller miljø i Stord betyr noko for deg? Kanskje eit gamalt sjøhus, ein skulegard, ein plass frå barndommen – eller ein stad som betyr mykje for fellesskapet.
Me er i gang med arbeidet med kommunedelplan for kulturmiljø, og målet er å løfta fram både små og store forteljingar om stader, bygg og tradisjonar som gir oss identitet og tilhøyrsle. Kulturmiljø er ikkje berre gamle hus – dei er spor etter levd liv, og dei kan òg vera ressursar for framtida, for trivsel, opplevingar, reiseliv og berekraft.
Kva er dine innspel?
- Kva ville du sakna viss det forsvann?
- Er det steingardar, bustadfelt frå etterkrigstida, hageanlegg, leikeplassar eller industriområde?
- Eller immaterielle kulturminne – som stadnamn, historier, songar eller tradisjonelt handverk?
Du kjenner Stord best. Dine innspel er heilt avgjerande for at me skal kunna laga ein plan som speglar heile kommunen – ikkje berre det som allereie er registrert eller freda.
Eg gler meg til å høyra dine tankar! Gå inn på lenka her for å dela innspela dine. Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
Klikk her for å gje innspel Lenke til et annet nettsted.
Frist for å senda inn innspel er 15. oktober.
