Kattnakkevegen vinterstengt
Kattnakkevegen blir no vinterstengd frå og med 17.11.25 frå krysset ved Lundssetervegen

Vinterberedskapen på kommunale vegar gjeld frå 1. november til 1.april. I denne perioden kan snøen kome brått på og Tekniske tenester stenger difor vegen ved første snøfall eller frost. Når vegen er stengd vert det ikkje utført brøyting eller strøing.
Forbodsskiltet «Forbode for motorvogn» må respekterast. Brot på offentlege skiltreglar kan medføre bøter. Forbodet gjeld ikkje beltekøyretøy.
Stord kommune vil i samtidig nytte høve i tida mens vegen er stengt til å utføre nødvendig vedlikehald og grøfterensk av vegen.
Sist oppdatert
Fant du det du var på jakt etter?
