Invitasjon til dialogmøte om planarbeid knytt til ny sjukeheim i Tjødnalio

Stord kommune har starta arbeidet med ny reguleringsplan for Tjødnalio, og inviterer lag, organisasjonar og andre interesserte til dialogmøte for innspel til planen.

Stad: Tjødnalio skule, gymsalen

Tidspunkt: Måndag 4. mai kl.18.00 – 20.00

Planarbeidet er knytt til vedtaket om å byggja ny sjukeheim. Planområde inkluderer tomt til sjukeheim, vegtilkomst og kryssløysing med fylkesvegen, og områda til barnehagen og skulen. Sjå kart over planområdet under.

Bilete over planområde

Nordplan Stord er engasjert av kommunen til å utarbeida planen. På møtet vil dei informera om planarbeidet, svara på spørsmål og ta i mot innspel. Tema for innspel kan til dømes vera trafikktryggleik, parkering, natur og friluftsliv, skulen-, barnehagen- og sjukeheimen sine uteområde, og sjukeheimen si rolle i nærmiljøet.

Planlegging av sjølve sjukeheimsbygget (utforming og innhald) er eit eige prosjekt og vil difor ikkje vera tema på dette møtet.

Me ønskjer alle interesserte velkommen.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?