Utlysing etter forslag til nye vegnamn
Nye vegnamn, veg nr. 1354-1359 og 1362
Stord kommune ber om forslag til namn på vegar:
Veg nr 1354:
Frugarden – vegstykke frå kryss ved Fv 5062 Ådlandsvegen, aust mot Frugarden.
Gjeld ny regulert og eksisterande veg innanfor vedteken reguleringsplan - Frugarden, gnr/bnr 27/1 mfl.
Me vurdera at adressenamnet Hystadvegen ikkje skal vidareførst for eksistareande veg innanfor regulert område og føreslår at det tildelast eit nytt samla vegnamn for planlagd og eksisterande veg innanfor vedteken reguleringsplan.
Kommunens forslag til namn for veg 1354:
- Frugardsvegen
- Orninggardsvegen
Veg 1355, 1356, 1357, 1358 og 1359:
Hystad – planlagde nye vegar omfatta av vedteken reguleringsplan - Gnr/bnr 26/1, 26/7, 26/10, 26/791 m.fl. Hystadgardane. Frå vegkryss ved Fv 5050 - Hystadvegen 115.
Nye regulerte vegar i samsvar med vedteken reguleringsplan skal få nye offisielle vegnamn.
Veg 1355 er i dag ein del av Hystadvegen. Denne vegen blir delvis erstatta av ny veg frå rundkøyring og me ser det som naturleg at heile denne vegen får eit eiga namn.
Veg 1356 er hovudveg i området.
Veg 1357 er ein sideveg til veg 1356 – hovudvegen.
Veg 1358 er ein sideveg til veg 1356 – hovudvegen.
Veg 1359 er ein sideveg til veg 1356 – hovudvegen.
Kommunens forslag til namn:
Veg 1355 – Hystadåsen
Veg 1356 – Hystadgardvegen
Veg 1357 – Hystadkrokjen
Veg 1358 – Hystadhaugen
Veg 1359 - Hystadlio
Veg nr 1362:
Kårevik vest – ny planlagd veg omfatta av vedteken reguleringsplan - Kårevik vest, gnr/bnr 45/1 mfl.
Planlagd ny veg frå kryss ved 1069 Kårevikvegen omfatta av reguleringsplan, får eit nytt namn i si heilskap. Me vurdera at adressenamnet Kårevikvegen ikkje skal vidareførast for eksisterande del av veg.
Kommunens forslag til namn for veg 1362:
- Kårevikhaugen
- Kåreviktoppen
- Lysthushaugen
Forslaga kan sendast til post@stord.kommune.no eller Stord kommune, Postboks 304, 5402 Stord innan 08.06.2026
Sist oppdatert
