Offentleg høyring: Forskrift for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande budstad lagt til rette for heildøgns tenester i Stord kommune 

Høyringsinnspel må sendast inn innan den 17. juli 2026.

Dagens lokale Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim
eller tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgns tenester – kriterier og ventelister vart vedteken av kommunestyret den 22.juni 2017.

Sidan 2017 har helse- og omsorgstenesta utvikla seg og det er kome nye nasjonale tilrådingar. Dette gjer det føremålstenleg med ein gjennomgang og revisjon av forskrifta.

Føremålet med forskrifta er å sikra at pasienten eller brukaren får naudsynte og forsvarlege helse- og omsorgstenester, jf. helse-
og omsorgstenestelova § 3-2 a og i samsvar med rettsreglane i pasient- og brukarrettslova § 2-1 e. Forskrifta skal bidra til å klargjera kriterium for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad, og skildra korleis pasienten og brukaren skal takast vare på i ventetida

Samanlikna med forskrifta frå 2017, legg den nye forskrifta større vekt på overordna og prinsipielle føringar for tildeling av langtidsopphald. Utfyllande omtale av sakshandsaming og faglege vurderingar vert regulert gjennom tenestestandard og interne rutinar.

Utval for rehabilitering, helse og omsorg gjorde i sitt møte den 03.06.2026 følgande vedtak:

Utval for rehabilitering, helse og omsorg vedtek å leggja «Forskrift for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad lagt til rette for heildøgns tenester i Stord kommune» ut på seks vekers offentleg høyring frå og med 5.juni 2026 til og med 17.juli 2026.

Forslag til ny forskrift:

Forskrift for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad i Stord kommune. pdf, 62 kB.

Gjeldande forskrift:
Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgns tenester - kriterier og ventelister. pdf, 4 MB.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?