Offentleg høyring: Endring av retningsline - fjernbetent sal og nettsal av alkoholhaldig drikk
Formannskapet bad i sitt møte den 10.06.2026 kommunedirektøren om å greie ut spørsmålet om å opne opp for fjernbetent sal og nettsal av alkoholhaldig drikk i Stord kommune
Gjeldande retningsliner vart vedtekne 17.06.2024. På det tidspunktet vart det ikkje opna for slike salsformer, mellom anna som følgje av at fjernbetent sal vart vurdert som ulovleg, og vurderingar knytte til kontroll.
Den 24. februar 2026 fatta Stortinget eit anmodningsvedtak som opnar for at kommunane kan tillate fjernbetent alkoholsal. Samstundes har utviklinga i handelsmønster og teknologi gjort nettsal meir aktuelt.
Formålet med denne offentlege høyringa er å få innspel til:
- om Stord kommune bør opne for slike salsformer
- korleis dette eventuelt bør regulerast
- om dei føreslegne vilkåra er eigna til å sikre forsvarleg alkoholsal.
Kort om framlegget:
kommunedirektøren føreslår:
- å opne for nettsal av alkoholhaldig drikk (gruppe 1), avgrensa til verksemder med fysisk utsalsstad i kommunen
- å opne for fjernbetent sal av alkoholhaldig drikk (gruppe 1)
- å innarbeide konkrete vilkår for desse salsformene i kommunen sine retningsliner
Framlegg til endringar i retningslinene er utarbeidde i eige dokument: Kommunedirektøren sitt framlegg til endring av retningsline for tildeling av sals- og skjenkeløyve i Stord kommune 2024-2028 – Fjernbetent sal og nettsal. pdf, 261 kB, åpnes i nytt vindu.
Lovgrunnlag og rettsleg utgangspunkt:
Alkohollova regulerer omsetning av alkohol gjennom eit kommunalt løyvesystem. Kommunen har etter alkohollova § 1‑7a eit vidt skjøn til å setje vilkår for salsløyve, så lenge desse er:
- sakleg grunngjevne
- nødvendige for å oppnå formålet med lova
- forholdsmessige
Dei sentrale krava i alkohollova er mellom anna:
- forbod mot sal til personar under 18 år (§ 1‑5)
- forbod mot sal til personar som er openbert påverka av rusmiddel (§ 8‑11)
- krav til forsvarleg utøving av løyve
Desse krava gjeld uavhengig av salsform.
Alkohollova er i utgangspunktet teknologinøytral. Det avgjerande er ikkje korleis salet skjer, men om lovkrava kan oppfyllast i praksis.
Nettsal og fjernbetent sal skil seg frå alminneleg alkoholsal ved at den direkte, fysiske kontrollen frå tilsette vert erstatta av tekniske og andre organisatoriske løysingar.
- Ved tradisjonelt sal skjer kontroll av alder og ruspåverknad av tilsette i butikken.
- Ved nettsal skjer kontrollen ved utlevering av varen, ofte av transportør.
- Ved fjernbetent sal må kontrollen skje før sal vert gjennomført, utan fysisk tilstadeverande personale i lokalet.
Dette inneber at kontrollen må sikrast gjennom:
- systemløysingar
- tydelege rutinar
- avklart ansvar
For kommunen betyr dette at kontrollansvaret må utøvast på ein annan måte enn i dag - dokumenttilsyn, og at det er behov for meir presise vilkår.
Vurdering av behov for vilkår:
For å kunne opne for nye salsformer utan å svekkje kontrollen, er det nødvendig å stille vilkår som sikrar at lovkrava kan oppfyllast i praksis.
For nettsal er det særleg viktig:
- at kontroll av alder og ruspåverknad skjer ved utlevering
- at utlevering skjer ved personleg kontakt
- at transportør har reell moglegheit til å nekte utlevering
For fjernbetent sal er det særleg viktig:
- at sal ikkje skjer automatisk
- at det vert gjort ei individuell vurdering av kunden
- at sal kan nektast eller stansast før gjennomføring
Kommunedirektøren legg til grunn at vilkåra må vere utforma som funksjonskrav, slik at verksemdene sjølve kan velje løysingar, men må dokumentere at krava vert oppfylte.
Dokumentasjon og kontroll:
Moderne bestillings- og leveringssystem loggar allereie sentrale opplysningar som:
- tidspunkt
- leveringsdata
- gjennomføring av handlingar
Kontroll av alder og ruspåverknad vil i stor grad skje som ein del av den operative gjennomføringa. Kommunedirektøren føreslår difor krav om at verksemdene skal kunne dokumentere at sal og utlevering er gjennomført i samsvar med regelverket, slik at dette kan etterprøvast ved kontroll.
Avgrensingar:
Det vert føreslått å avgrense nettsal til verksemder med fysisk utsalsstad i Stord kommune.
Dette er grunngjeve i:
- kommunen sitt ansvar for kontroll og tilsyn
- behov for tilgang til verksemda ved kontroll
- tydeleg ansvarsplassering
Sist oppdatert
