Det skal leggjast til rette for at kunst blir til glede for ålmenta, lett tilgjengeleg i kommunale bygg og uterom.

Styret for ordninga har fullmakt til å disponera midlane på fondet og Eining for kultur har det administrative ansvaret. Ved store offentlege utsmykkingar skal dette godkjennast politisk.

Kravet til kunstnarleg kvalitet skal alltid vera eit overordna omsyn.

Ved kvart kunstprosjekt skal styret utnemna kunstkomitear, gje komiteane mandat og godkjenna kunstplanar frå komiteane. Komiteane skal leias av ein kunstnarleg 
 

Medlemer

Stord kommunestyre har valgt følgjande som medlemer i kommunen sitt utsmykkingsfond for perioden 2019-2023:

Nr. Medlem Personleg vara
1. Marit T. Odland (Ap) Atle Hansen (SV)
2 Reinert Svanberg (Frp) Mari-Ann Tveita (Frp)
3. Ingrid J. Jordåen (Sp) Mai Britt Hellesund (H)
4. Kunstnarisk konsulent, Anneli Belsvik Aaras  

Styret

Kunstordninga skal ha eit styre på fire medlemer:

  • 1 kunstnarleg konsulent
  • 3 politisk valde

Frå administrasjonen møter rådmann og kulturrådgjevar, eller dei rådmannen peikar ut, med talerett.

Dei politisk valde medlemane vert oppnemnde av kommunestyret for den kommunale valbolken.

Dei valde medlemane peikar ut kunstnarleg konsulent for 2 år om gongen. Anneli Belsvik Aras er kunstnarleg konsulent no.

Reglement for Stord kommune si kunstordning