KiD er basert på kognitiv åtferdsteori som er ein godt dokumentert metode for å behandla depresjon. Kurs som tiltak er godt dokumentert som effektivt, på linje med individuell kognitiv terapi.

Teikn på depresjon:

  • Nedstemtheit
  • Fråvær av glede
  • Tap av energi
  • Mindre kontakt med andre
  • Tankar om skyld og verdløyse
  • Søvnproblemer
  • Grubling
  • Konsentrasjonsvanskar

Endra handlingsmønster

Ved depresjon vert måten den enkelte tenkjer på endra, dette bidreg til at tankane vedlikeheld og forsterkar tungsinn. Endringar i tankar skaper ein negativ tanke-  og kjenslesirkel, som igjen fører til mindre energi, ein føler seg meir utslitt og vert mindre aktiv.  

Målet er å gje deltakarane auka innsikt i korleis belastingar påverkar tankar, kjensler og handlingar. Ein skal læra å kjenna attende og endra tolkingar og handlingsmønster som ikkje er føremålstenlege, samt få kjennskap til teknikkar for å førebyggje overbelasting.

Du treng ikkje tilvising frå lege for å gå på KID-kurs, men du må vera over 18 år og klar for å gjer ein innsats sjølv. Det er ikkje terapi, det er kognitive teknikkar og heimelekser.

Praktisk informasjon

PåmeldingsfristFredag 15. Februar  2019

Meld deg på til

  • Sentralbord 53 49 66 00 eller
  • Frisklivssentralen ved Andreas Sirevaag 41 40 54 25 eller
  • Avdeling Psykisk Helse ved Anne Bianca Nitter 53 40 31 65 / 930 06 283

Pris: Kroner 550,- inkludert kurshefte og enkel servering under samlingane (kaffi, te, kjeks og frukt)

Kursdatoar:

  • Tirsdag 05.03 kl 13.00-15.00
  • Tirsdag 12.03 kl 13.00-15.00
  • Tirsdag 19.03 kl 13.00-15.00
  • Tirsdag 26.03 kl 12.00-14.00
  • Tirsdag 02.04 kl 13.00-15.00
  • Tirsdag 09.04 kl 13.00-15.00
  • Tirsdag 23.04 kl 12.00-14.00
  • Tirsdag 30.04 kl 13.00-15.00
  • Tirsdag 07.05 kl 13.00-15.00
  • Tirsdag 04.06 kl 13.00-15.00

Kursleiarar

Sissel M. E. Øvrebø, psyk.helsearbeidar og Åse Veiteberg, psyk.helsearbeidar.