KiD er basert på kognitiv åtferdsteori som er ein godt dokumentert metode for å behandla depresjon. Kurs som tiltak er godt dokumentert som effektivt, på linje med individuell kognitiv terapi.

Nokre vanlege teikn på depresjon:

  • Nedstemtheit
  • Fråvær av glede
  • Tap av energi
  • Mindre kontakt med andre
  • Tankar om skyld og verdløyse
  • Søvnproblemer
  • Grubling
  • Konsentrasjonsvanskar

Endra handlingsmønster

Ved depresjon vert måten den enkelte tenkjer på endra, dette bidreg til at tankane vedlikeheld og forsterkar tungsinn. Endringar i tankar skaper ein negativ tanke-  og kjenslesirkel, som igjen fører til mindre energi, ein føler seg meir utslitt og vert mindre aktiv.  

Målet er å gje deltakarane auka innsikt i korleis belastingar påverkar tankar, kjensler og handlingar.

Ein skal læra å kjenna attende og endra tolkingar og handlingsmønster som ikkje er føremålstenlege, samt få kjennskap til teknikkar for å førebyggje overbelasting.

Du treng ikkje tilvising frå lege for å gå på KID-kurs, men du må vera over 18 år og klar for å gjer ein innsats sjølv. Det er ikkje terapi, det er kognitive teknikkar og heimelekser.

Påmelding

Påmeldingsfrist er fredag 1. oktober 2020 og du kan melda deg på til:

Avdeling Psykisk Helse:

  • Anne Bianca Nitter, tlf. 53 40 31 65 / 930 06 283
  • Sissel M. Egeli Øvrebø, tlf. 975 52 010

Kundetorget: tlf. 53 49 66 00

Frisklivssentralen ved Andreas Sirevaag, tlf. 414 05 425

Pris:

Kroner 550,- inkludert kurshefte og enkel servering under samlingane

(kaffe, te, kjeks og frukt)

Kursdatoar:

Tirsdag 20.10 kl 13.00-15.00

Tirsdag 27.10 kl 13.00-15.00

Tirsdag 03.11 kl 13.00-15.00

Tirsdag 10.11 kl 13.00-15.00

Tirsdag 17.11 kl 13.00-15.00

Tirsdag 24.11 kl 13.00-15.00

Tirsdag 01.12 kl 13.00-15.00

Tirsdag 08.12 kl 13.00-15.00

Kursleiarar:

Sissel M. E. Øvrebø, Psyk.helsearbeidar

Åse Veiteberg, Psyk.helsearbeidar

Brosjyre for KID kurs hausten 2020