Dette likar me å gjera
Inne på avdelinga likar barna å leike i dukke-og kjøkkenkroken, og i lesekroken les me mange kjekke bøker. Konstruksjonsleik med klossar, togbane, duplo og clicks er populært blant barna. På Kvitebjørn har me ein del utstyr til grovmotoriske utfordringar som td. balansebommar, madrassar, vippe, klatrebommar.
Me har turdag ein dag i veka.
Kvar dag har me samling eller ein aktivitet om tema. Me deler barna inn i mindre grupper og brukar ulike symbol, konkretar og leiker for å konkretisere det samlinga/aktiviteten handlar om.
Uteområdet
Me likar å vera mykje ute og helst oppi haugen ,der me får klatra og gå på oppdaginsferd i naturen.
På denne avdelinga jobbar:
- John Bathgate - pedagogisk leiar 80% stilling
- Irene N. Vinje pedagog 20% stilling
- Vibeke Aga- assistent 90 % stilling