Læringsverkstedet Sæ

Velkommen til Sæ barnehage

Sæ barnehage er ein avdelingsbarnehage, me har 7 avdelingar,125 barn og 36 tilsette. Romma våre er opne og lyse, dei stimulerer til leik av ulik art og vert endra ut frå utvikling og interesser hos barna. Naturen og nærmiljøet ser me på som ein verdifull ressurs og me nyttar denne aktivt kvar dag.

Barnehagen ligg i nærleiken av Leirvik sentrum,der me har tilgang til byliv, men også tilgang til flotte tur- områder. Med tilgang til lavvo, gapahuk, museumsparken og to minibussar, som me kan nytte til lengre turar.

Barna og tilsette vert organisert i mindre grupper i løpet av dagen inne og ute, slik at me får nytta rom ressursane og dei tilsette på ein god måte.

Me er fullkost barnehage og tilbyr tre måltider til dagen ;frukost, lunsj og fruktmåltid.

Me jobbar medvite med relasjonar, personleg språk, det å setje ord på kjensler, kva eg vil og kva eg ikkje vil. Barnehagen vår er ein stad der me ynskjer at alle vil kjenne seg velkommen og trivast. Sæ barnehage er ein del av Læringsverkstedet, det er ei privat barnehagekjede som eig og driv barnehagar i store delar av Noreg. I Læringsverkstedet sine barnehagar får barn eit godt grunnlag for livslang læring – i kunnskap, venskap, tryggleik og glede. Vårt pedagogiske arbeid med barna byggjer på leikande læring, samspel og meistring.

Mandag — Fredag 06:45 — 16:30

Åsringen 63,5417 Stord
Vis i kart

95890962
sa@laringsverkstedet.no

123 barn
7 avdelinger
36 ansatte

Pris: 3000,-
Pris for mat: 400,-

Følg oss på Instagram

Styrer
Sarah Helen Spilde Almås

Fokusområde for Sæ barnehage

Natur dekkjer rammeplanens fagområde natur, miljø og teknologi samt Nærmiljø og samfunn. Rammeplanens fagområde Kropp, bevegelse, mat og helse er også del av fagtemaet natur. Barna får erfaringer og opplevelser med ulike sider av fagtemaet.

Natur dekkjer rammeplanens fagområde natur, miljø og teknologi samt Nærmiljø og samfunn. Rammeplanens fagområde Kropp, bevegelse, mat og helse er også del av fagtemaet natur. Barna får erfaringer og opplevelser med ulike sider av fagtemaet.



Avdelinger

Døso

27 barn

5 - 6 år

Gullkjeldo

9 barn

1 - 3 år

Kalvahagen

9 barn

1 - 3 år

Møyno

15 barn

1 - 3 år

Skotet

24 barn

4 - 5 år

Tyso

24 barn

3 - 4 år

Utlebakkjen

15 barn

1 - 3 år

Dokumenter fra Sæ barnehage

Dokumenter fra Læringsverkstedet