Planområdet ligg på Langeland, aust for Heiane næringsområde i Stord kommune, og omfattar gnr. 43, bnr. 9, 27, 32, 34, 35, 88, 115, 187
samt delar av gnr. 43, bnr. 1, 55 og 90. Planområdet utgjer i alt ca. 67 daa, sjå kart under.
For oversiktskart sjå planområdet i Stordkart

Kart som syner planavgrensing

Gjeldande planstatus

Følgjande planar gjeld i planområdet; R-018-000, R-225-000 og 201407. Planområde er elles vist som friområde og offentleg eller privat tenesteyting i
kommuneplanen for Stord kommune 2010 - 2021. Delar av område har i kommuneplanen omsynssone for bevaring av kulturmiljø, og omsynssone i form av gul støysone tilknytt E39.

Føremål med planen

Føremålet med planen er å regulere området som i kommuneplanen er avsett til framtidig offentleg eller privat tenesteyting med krav om reguleringsplan, og omregulere areal som i kommuneplanen er avsett til friområde. Vidare skal ein omregulere jord- og skogbruksområde i gjeldande reguleringsplan til offentleg bebyggelse/tenesteyting. Grunna kapasitetsutfordringar for Langeland skule ynskjer ein å utvide skuleområde med større leike-/uteoppholdsareal, parkeringsareal og ny aktivitetshall for idrett. Samstundes ynskjer ein privat grunneigar å omregulere delar av gnr.43, bnr. 1 frå jord -og skogbruk til bustadføremål.

Gjeldande planar vert heilt/delvis oppheva

Ny plan vil ersatte reguleringsplan R-018-000 Langeland skule, og erstatta delar av reguleringsplanane: R-225-000 Fv. 59 og del av Langelandsvegen og 201407 Sykkelveg Heiane - Vabakkjen og rundkøyring Tveitakrysset.

Dokument

Plankonsulent og tiltakshavar

Planen vert utarbeidd av Gøtz AS på vegne av Stord kommunale eigedom.

Merknader

Spørsmål eller merknader til oppstart av planarbeidet skal sendast skriftleg til:
Gøtz AS, Kunnskapshuset
Sæ 132, 5417 Stord
eller til post@goetz.no

Kontaktperson: Vidar Vedå, Gøtz AS. Tlf.913 34 042

Merknadsfrist: Fredag 21. februar 2020