RedRidingHood

4. trinn har øvt inn skodespelet om Little Red Riding Hood. Alle replikkane er på engelsk og det var mykje å hugsa på for elevane. Dei har vist det for medelevar på 1. - 3. trinn på dagtid, og onsdag 19. februar fekk foreldra sjå stykket på kveldstid. Det er lett å bli imponert over kor flinke elevane er i engelsk, både dei som framfører og dei som skal høyra på. 1. trinn kunne svara på alle spørsmåla som læraren stilte før stykket skulle framførast. Dei kunne både kva fargane heiter og alle dyra som var med i stykket. 

Nokre bilete frå framsyninga ser du nedanfor.