Influensautbrotet er venta å vera på det høgste i slutten av februar/mars dette året. I Stord har me no fått vaksinert mange i risikogruppene, som kan verta alvorleg sjuke. Helsepersonell, som kan føra smitte til folk som er sjuke av andre årsaker, har og teke vaksine. Det er flott.

No vert andre tiltak som førebygger smitte, viktige framover. Me bør avgrensa nærkontakt med influensasjuke personar og dei som er sjuke bør avgrensa kontakten med andre. Bruk av papirhandduk ved hoste/nys og handvask ofte og skikkeleg, er viktig. Me må prøva å unngå å ta oss til munn, nase og augo med uvaska hender når me er mellom folk. Slik kan me gjerne klara å avgrensa influensatoppen. Det har me greidd bra dei siste par åra.

Gode rutinar og at flest mogleg er friske vil og vera til nytte ved andre luftvegsinfeksjonar som kan koma.

Media har mykje fokus på utbreiing av coronavirus frå Kina og aukande dødsfall av dette. Dei aktuelle helsetenestene i kommunane følgjer dagleg med på råd frå det nasjonale Folkehelseinstituttet som vidare har kontakt med internasjonalt nettverk kring dette. Om du vert sjuk og ikkje har vore på reise i Hubeiprovinsen eller byen Wuhan, er det ikkje grunn til tenkja på coronavirus som årsak. Folk som vender tilbake frå desse områda, vert følgde opp på ulikt vis i ulike land og Norge har sitt system for dette. Me har god førebuing på gang slik at handsaminga hjå oss vil verta så trygg som det er råd. Lokalt vil me få aktuelle meldingar og folk vil få råd om å kontakta helsetenesta ved teikn på sjukdom og få oppfølging i slike høve.

Det er elles viktig å minna om at munnbind er utvikla for at helsepersonell i jobben ikkje skal føra smitte over i sår eller til «sårbare» personar. I sjukehus vert nokre med smittesjukdom isolerte for ikkje å smitta andre som er innlagde der. Det kan og vera aktuelt ved heimebehandling av sjuke. Slik me lever og bur  er det ikkje tilrådd med bruk av munnbind utanfor helsetenesta. Me vurderer heller ikkje pålagd isolering som ein nyttig reiskap i vern mot smitte.

Friske folk med gode vanar er alltid ein styrke i vern mot infeksjonar.