Den kommunale eininga for veg, trafikk og park gjer seg kvart år ekstra flid med å pynta treet som står på plenen mellom rådhuset, postkontoret og Essostasjonen på Leirvik.

Det er mange lys som skal tvinnast rundt treet for å få den rette utsjånaden, og det er ikkje noko enkel oppgåve. Både folk, stigar og gardintrapp trengs, og som biletet viser må dei klatra heilt til topps for å få alle lysa på plass. 

Folk som ferdast på Vikjo kan gle seg over dette koselege innslaget i bybiletet i tida fram mot jul.