Kven: Kvinner i Stord kommune født 1949-1968

Når:       26. august - 28. november 2019

Kvar:     ved Stord kulturhus på Leirvik

Dersom det er behov for tilleggsundersøkjingar, vil kvinnene bli innkalt til Brystdiagnostisk senter på Haukeland universitetssykehus.

Brystkreft

Brystkreft er den hyppigaste kreftformen blant kvinner i Noreg, og utgjer i dag om lag 22 prosent av alle krefttilfeller hos kvinner. I år 2017 fikk 3589 kvinner diagnosen. Mammografiprogrammet oppdagar om lag 1300 nye brystkrefttilfeller per år, dei fleste i eit tidleg stadium.

Mammografiprogrammet

Mammografiprogrammet er det offentlege tilbodet til kvinner i alderen 50- 69 år om mammografi annakvart år. Tilbodet vert gjeve i tråd med internasjonale anbefalingar. Regelmessig mammografi er i dag den viktigaste metoden for å oppdaga svulst i eit tidleg stadium. Tidleg oppdaging gir ofte betre overleving, og aukar sjansane for meir skånsam behandling.

I Mammografiprogrammet vert tilbodet kvalitetssikra ved at alle bilete vert tyda av to røntgenlegar. Dersom brystkreft vert oppdaga, er rutinemessig oppfølging sikra ved det brystdiagnostiske senteret.

Målsetjinga for programmet er å redusera dødeligheten av brystkreft blant dei inviterte kvinnene. Oppmøtet i Mammografiprogrammet er om lag 75 prosent på landsbasis. I førre runde møtte 83 % av kvinnene frå Stord kommune.

For meir informasjon:

Leiar Mammografiprogrammet, Solveig Hofvind

tlf.: 22 45 13 00, mammografi@kreftregisteret.no

 

www.kreftregisteret.no