Desse har røysterett

Norske statsborgarar som:

  • fyller 18 år innan utgangen av valåret
  • er, eller nokon gong har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg
  • ikkje har mista røysteretten etter Grunnloven § 53

Ikkje-norske statsborgarar som oppfyller dei andre krava, dersom dei:

  • har stått innført i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller
  • er statsborgar i eit anna nordisk land og er blitt folkeregisterført som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret

Er du innført i manntalet?

Manntalet er oversikten over alle som har røysterett i ein kommune. Manntalet byggjer på opplysningar frå folkeregistert. Det er bustadadressa i folkeregisteret pr 30. juni som avgjer kva kommune ein har røysterett i og kva valkrins ein skal røysta i på valdagen.

Krav om retting

Den som meinar ein er uriktig oppført i manntalet kan krevje at valstyret i kommunen rettar opp feilen. Krav om retting  skal vera skriftleg og grunngjevinga skal sendast til Stord kommune, Postboks 304, 5402 Stord.