2-åringen sin leik er grunnleggande sosial. I denne alderen søker barna meir og meir mot dei som er rundt dei. For at eigenarten til denne aldersgruppa skal kunne bløma, treng dei å vere saman med jamnaldrande. Om du som forelder møter på ei rad av barn som spring etter kvarandre i garderoben vår når du kjem for å levere eller hente, er dette heilt normalt. Det er "todlarkulturen" sitt kjenneteikn; fellesskap blant barna i form av hermeleikar og kroppsleg leik. Ser du etter, ser du kanskje og at dersom eit av barna dett, så kastar dei andre barna seg ned på golvet dei og. Møtast du av trommekonsert kring bordet der blyantar eller koppar dunkast i bordet, er det nok ein felles leik på gang der og. Barna søker mot det kroppslege og vil gjerne velge samhandling og leik på ei stor madrass enn å leike saman med små figurar eller klossar. Som vaksne på Kråkereiret vert det viktig å gje rom for denne leiken og den opplevinga den gir av fellesskap. Både inventar og plass i rommet vil heile vegen bli vegd opp mot barna si utvikling her.

Barna si stadige utvikling av sosial samhandling krev at me vaksne er til stades der barna er. Me skal vegleie dei i leik, konflikt og daglege gjeremål. 2-åringen vår skal få hjelp til å etablere leik, samspel og gode relasjonar til dei andre barna. For at det skal gå føre seg på ein god måte må me vere tydelege vaksne som heile vegen er til stades som ein trygg base.

Språket til 2-åringen er i stor utvikling og tilrettelegging av eit rikt språkmiljø er noko me vektlegg på avdelinga. Barna skal oppleve variert språk gjennom temaarbeid der tekst og historie formidlast på ulike måter i form av dramatisering, leik og lesing. Song, rim og reglar har ein sentral plass. Viktigheita av å heile vegen sette ord på det barna er opptekne av følgjer oss vidare for å gje dei eit rikt og variert ordforråd knytt opp i mot forståing. På kråkereiret er me opptekne av at 2-åringen skal få utvikle si nysgjerrigheit, og sin radius. Me er opptekne av at barna skal få tid og rom til å øve seg på å bli sjølvstendige og klare oppgåver i kvardagen sjølv. Det kan vere å smørje sin eigen mat, kle på seg sjølv og hjelpe til med oppgåver. Litt ut i barnehageåret jobbar me tettare opp mot barna som er på dei eldre avdelingane. Dette er for å trygge barna og legge til rette for at dei skal få ein trygg og god overgang frå småbarn på Skogen til storbarn på Tufto. Når dei komande barnehageår flyttar over til ny avdeling, følgjer det med ein kjent vaksen.

barn med flagghue på hovudet snø i balje

 

 

Månadsbrev

Månadsplanar