matematikkens_dag1-4

I dag har elevane på 1. - 4. trinn gjennomført mange kjekke oppgåver, som handlar om rekning i ein eller anna form. Elevane har vore blanda på tvers av trinn for å styrka samholdet på skulen. Dei har vore med på ulike aktivitetar som rekne-bowling, symmetrioppgåver, origami, yatsy, telling og fargelegging, og rekne-ringspel blant anna. I klasseromma kunne me høyra kommentarar som "Dette er det kjekkaste me har gjort" og "Kvifor skal me ha så mange kjekke oppgåver når me har matte?"

Bilete frå nokre av aktivitetane ser du nedanfor.