Eit nytt kull skal startar opp Haugalandet. Stord kommune ønskjer å gje inntil 2 kandidatar dette unike tilbodet. Me søkjer etter menn som er mann nok til å visa omsorg og til ta ei utfordring. 

Det vil bli informasjonsmøte på NAV Stord 2. februar kl. 12.00. Stad: Bandadalsplassen 5, 5417 Stord. Meld deg på informasjonsmøte her

Påmeldingsfrist 29. januar.

Før påmelding kan du gjerne snakka med rettleiaren din i NAV. Her kan du og få hjelp til påmelding. 

På informasjonsmøtet vil du bli orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitane. I etterkant av møtet vil det bli gjennomført intervju. Truleg i veke 8. Etter intervju vil eigna og motiverte kandidatar få tilbod om ein 12 vekers rettleia praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Ønskjer du meir informasjon om Menn i helse? Sjekk mennihelse.no

Er du vår neste mann? Grip moglegheiten! Kjenner du nokon som fortenar moglegheiten? Tips dei om Menn i helse!

Sjå informasjonsvideo om Menn i helse her