Hovudplan veg gjeld tema veg, og vil bli utarbeida med tilhøyrande handlingsplan for at kommunen skal kunne arbeida målretta, strategisk og prioritera rett.
Plan- og bygningslova § 4-1 krev at det skal utarbeidast eit planprogram for alle kommune(del)planar. Planprogrammet skal gjere greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegget for medverknad, spesielt i forhold til grupper som antas å bli særleg råka, kva alternativ som vil bli vurdert og behovet for utgreiing. Planprogrammet skal avklara kva planlegginga skal handle om og korleis den skal gjennomførast. Det vil seie konkretisering av mål, behov for utgreiingar og ein plan for involvering og medverknad frå ålmenta, innbyggarar, lag, organisasjonar og høyringsinstansar. Planprogrammet skal bidra til ein meir føreseieleg og effektiv planprosess.
Plandokument
Saksframlegg og saksprotokoll PS 7/23
Merknad
Merknader må sendast innan 05.06.2023
Send på ein av tre måtar:
Brev til Stord kommune, postboks 304, 5402 Stord
eDialog (sikker digital post inn til kommunen)
e-post post@stord.kommune.no