Miljøarbeidarar/ Miljøterapeutar (ID 1429)

Planlagt oppstart 1. september 2018. Arbeidstidsordninga vert organisert som langturnus (medlevarturnus), i snitt 14 døgn på jobb per 8 veker kor ein arbeidar 2 og 3 døgn, fri 7 dagar.

 Me søkjer personar med:

  • Relevant høgskuleutdanning, personar med fagskuleutdanning kan og søkje
  • Har erfaring innan psykisk helsefeltet
  • Gjerne vidareutdanning innan psykisk helse feltet
  • Er trygg i rolla som miljøarbeidar, og kan arbeide sjølvstendig
  • Har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
  • Er positiv, initiativrik og strukturert

Arbeidsoppgåver:

  • Gje omsorg, skape tryggleik og livskvalitet for brukar
  • Utføre arbeid etter brukar sine handlingsplanar
  • Leggje til rette for aktivitet og trivsel
  • Utarbeide vekeplanar, utføre døgn/ månadsrapportering og handtere medikament
  • Delta i møter, kurs og anna oppfølging

Det vert lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og eignaheit.

Søkjar må ha førarkort. Kvinner vert oppmoda til å søkje..

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast.

Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til einingsleiar Diana Bergeland  Tlf. 952 43 278

eller avdelingsleiar Kjetil Eldøy Tlf. 950 13 794

Søknadsfrist: 24.07.2018

Søk på stilling