Prisutdelinga fann stad på Stord Næringsråd sin årsfest 25.oktober og det var Karina Stokke Mæhle som tok i mot prisen på vegne av selskapet.

Juryen seier dette om vinnaren;

Næringsprisen 2019 er tildelt Stord Hotell v/ Martin Tveita med følgjande grunngjeving;

Stord Hotell er ein aktør som gjennom fleire tiår har vore ein nøkkelspelar i næringslivet på Stord. Dei vågar å satse og fornya seg, og har gjennom skiftande tider og konjunktursvingingar vist evne til å gjer dei rette grepa for å sikre god drift. Stord Hotell er ein viktig institusjon i lokalsamfunnet kor mange har hatt minnerike opplevingar. For andre næringslivsaktørar og det offentlege er Stord Hotell ein viktig samarbeidspartnar for å skape dei beste rammene for alle typar arrangement. 

Om Næringsprisen: Næringsprisen er eit samarbeid mellom Stord Næringsråd og Sparebanken Vest. Næringsprisen skal bidra til å skapa merksemd rundt næringslivet, og gje honnør til dyktige næringslivsaktørar. Det var i år 8. gongen prisen vart delt ut. Kandidatar til næringsprisen vert nominert av Stord Næringsråd sine medlemmer, og ein jury beståande av;

  • Juryformann Svein Ottesen – banksjef Sparebanken Vest
  • Magne Kydland – redaktør Bladet Sunnhordland
  • Karoline Eldøy – styreleiar Stord Næringsråd
  • Anne-Grete Sandtorv – dagleg leiar Stord Næringsråd

Det er juryen som avgjer kven som går til finalen og kven som vert den endelege vinnaren!