Innløpskummar og avløpsleidningar er kopla saman og resterande anleggsarbeid rundt pumpestasjonen pågår for fult og blir avslutta i månadsskifte mai/juni. I tillegg skal Stord kommune leggja ned ny vassleidning frå Lyngneset avløpspumpestasjon, via vegen i  Skjepavikjo, og fram til Sagvåg sentrum. Dette arbeidet reknar ein med er ferdig til sommarferien i år.

I godkjenninga av naudoverløpet, krov Statsforvaltaren i Vestland at utsleppsstaden for overløpet skal granskast. Stord kommune offentleggjer resultatet frå denne granskinga så snart den ligg føre.
UrFno 120lPAAAAAElFTkSuQmCC