Det er frivilligsentralen som arrangerer datatreff med hjelp frå frivillige som er datakyndige. Det vert lagt opp til ulike temadagar der ulike aktørar og personar vert invitert inn til å hjelpa,
samt vert det opne dagar for personleg datahjelp der du kan få hjelp til akkurat det du lurar på.

Datatreffet er blitt ein fin sosial møtestad for deltakarane.  

Nokre tema og problemstillingar kan vere:

  • Korleis koplar eg meg opp på trådlaust nett/wifi?
  • Korleis fungerer nettbanken?
  • Korleis fungerer sosiale medier som Facebook, snapchat mm.?
  • Korleis nyttar eg Word og Excel?
  • Korleis lastar eg opp bilete frå telefon og kamera?
  • Kva er digital postkasse og korleis får eg det?

Ønskjer du meir informasjon eller ønskjer å vera datahjelp, ta kontakt med frivilligsentralen i Stord på telefon 473 90 849.

https://stord.frivilligsentral.no/