Badevakt Britt Helland har spurt brukarar av varmtvassbassenget ved Stord kommunale rehabiliteringssenter: Kva har varmtvassbasseng-trening gjort for deg?

Me har lyst å dela svara ho fekk.

Vaksen kvinne med ein kronisk sjukdom: "Eg har klart å vera 100 % i jobb fram til eg pensjonerte meg, takka vera bassengtrening i varmt vatn. Og me får positiv effekt med nye kjennskap, me heiar på kvarandre, er sosiale, dreg kvarandre opp både psykisk og fysisk."

Mann, pensjonist: "Livskvaliteten er så mykje betre etter fast trening i bassenget.. Eg er smertefri resten av dagen, og eg gler meg til å treffa «treningspartnerane» mine. Me drar kvarandre opp både psykisk og fysisk. Det er mykje latter og lykkefølelse."

Mann, pensjonist: "Etter 1 år med trening i bassenget opplever eg at motivasjonen til å trene heime aukar. Eg gler meg til kvar fredag i bassenget og til å treffe glade folk. Eg får betre balanse og styrke."

Mann i 50 åra med kronisk sjukdom : "Bassengtreninga har gjort at eg har redusert sjukemeldingane. Eg har berre positive biverknader."

Kvinne i 50 åra : "Stor fordel å  trena om formiddagen. Då er kroppen opplagd. Eg vert smertefri og mjuk i kroppen resten av dagen. Lykkefølelse. For meg fungerer det ikkje å trena på ettermiddag / kveld. Og det er motiverende å komme seg ut for å treffe gjengen i bassenget."

Kvinne i 50 åra: "Gleder meg til kvar bassengtrening, komme seg ut av mi eiga boble. Bassengtrening aukar livskvaliteten min, kroppen fungerer mykje betre, no kan eg vere i arbeid opp mot 50 %. Bassengtrening aukar livskvaliteten både fysisk og psykisk."

Mann i 80 åra: "Eg får betre balanse, meir styrke i beina, og ikkje minst å treffe kjekke folk. Badinga held meg oppe både fysisk og psykisk. Det er veldig sosialt å gå ein fast dag i bassenget."

Tenårings jente: "Er blitt tryggare og har fått auka sjølvkjensle i grupper etter eg byrja med bassengtrening. Eg er mykje mjukare i kroppen og har betre balanse. Eg gler seg til kvar bassengtime."