Informasjonshefte 2022-2023

Visma – heim/skule

Frå 02.09.22 vil alle skulane i Stord kommune ta i bruk “Visma Flyt Skole” sin app for føresette.  Denne app’en vil gjera det enda enklare for deg som føresett å følge med på kva som skjer i skulekvardagen til barnet ditt. “Visma Min Skole” er ei teneste for skule-heim-dialog.

Les meir om Visma heim /skole på Stord kommune si heimeside og last ned appen.

Stord kommune

VISMA

 

Elevundersøkinga 2022

Nordbygdo ungdomsskule skal gjennomføre elevundersøkinga hausten 2022.  Elevundersøkinga gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skolen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skolen, skoleeigaren og dei statlege utdanningsmyndigheitene for å analysere og utvikle skole- og læringsmiljøet til elevane. Det er frivillig for elevane å svare og dei svarer anonymt. Elevane kan også hoppe over spørsmål dei ikkje ønskjer å svare på. 

Det blir mellom anna spurt om:  Trivsel, motivasjon, arbeidsforhold og læring, heim-skole-samarbeid, støtte fra lærer osv.

Les meir om undersøkinga på udir.no eller i vedlegget.

8 trinn 2022-2023, Informasjon om framandspråk og valfag

Informasjon om framandspråk og valfag finn de høgre under trinn, 8 trinn, framandspråk og valfag. 

Informasjon om fag og søknad blir sendt ut via transponder frå barneskulane til føresette. 

Nasjonaleprøvar

Elevar på 8 og 9 trinn skal i løpet av september gjennomføre nasjonale prøvar. 

8 trinn; engelsk, lesing og rekning

9 trinn: lesing og rekning 

Føremålet med nasjonale prøver er å gi skolane kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skolesystemet.

Les meir om nasjonale prøvar på Utdanningsdirketoratet sine sider. 

https://www.udir.no/eksamen-og-prover/prover/nasjonale-prover/om-nasjonale-prover/

 

Til føresette som leverer og hentar elevar ved Nordbygdo ungdomsskule.

Me registrerer at fleire føresette vel å køyre elevane til skulen om morgonen og hentar dei etter skuleslutt. Dette føre til stor trafikk ved rundkøyringa utanfor skulen. Det kan vera mellom 15 og 20 bilar i kø for å henta elevar. Dette fører til trafikkfarlege situasjonar og me er redde for at elevar skal koma til skade når dei går eller syklar til og frå skulen. Me oppmodar føresette på det sterkaste om å setja av ungdomen nede ved buss-stoppet der skuleskyssen set av andre elevar. Om ikkje dette kjennes trygt, kan ein sleppa dei av ved Spar Haga. Minner også om at Nasjonal Transportplan (NTP) oppmodar om at 80% av skuleungdom skal gå eller sykla til skulen. Me tenkjer dei aller fleste ungdomane ved Nordbygdo greier fint å gå opp bakken til skulen.

Med venleg helsing,

Pål Roseth
Rektor, Nordbygdo ungdomsskule

Informasjon frå mobbeombodet i Vestland

Informasjon frå mobbeombodet i Vestland 

Mobbing

Nullmobbing 

Nullmobbing er ei ny side frå utdanningsdirektoratet med informasjon om mobbing. Klikk her for å koma til sida.

Bilete med nettadressa www.nullmobbing.no

Biletet over viser til nettsida nullmobbing.no at alle har rett til å ha det bra.

Administrasjon og kontor-tilsette

Tittel Namn
Rektor: Pål Roseth
e-post: Pal.Roseth@stord.kommune.no
tlf: 53454401 / 489 90 908

Assisterande rektor

Utdanningsrådgjevar

Anne Hege Rogne
e-post: Anne.Hege.Rogne@stord.kommune.no
tlf: 53454402 / 926 65 332
Sosialrådgjevar Kristin Koløy
e-post: kristin.koloy@stord.kommune.no
tlf: 53454403 / 412 13 795
Kontor Marianne Christensen Føyen
e-post: Marianne.Christensen.Foyen@stord.kommune.no
tlf: 53 45 44 00 /  91 76 61 09

Lærarar og assistentar finn du under kvart klassetrinn.

Pedagogiske nettressursar