Elevundersøkinga

Elevane ved Nelevundersøkelse.jpgordbygdo ungdomsskule skal gjennomføre elevundersøkinga før 20.12.21

Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevane får seie si meining om læring og trivsel i skulen. Svara vert nytta av skulen, kommunen og staten for å gjere skulen betre.

Meir informasjon og innlogging ; udir.

Informasjon til føresette og elevar. 

 

 

FRITIDSKORTET - Skal du betale for ein organisert fritidsaktivitet ?

Skal du betale for ein organisert fritidsaktivitet?

Fritidskortet er eit tilbod til barn og unge busett i Stord kommune på inntil 1000 kroner i halvåret til deltakaravgift i éin eller fleire organiserte fritidsaktivitetar. Kortet gjeld frå kalenderåret barnet fyller 6 år til og med kalenderåret det fyller 18 år. Medlemskontingentar, treningsavgifter og lisensar til ein fast organisert fritidsaktivitetar inngår i Fritidskortordninga. Ordninga er eit tiltak for at fleire born og unge skal delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre born. 

Les meir her 

 

 

Til føresette som leverer og hentar elevar ved Nordbygdo ungdomsskule.

Me registrerer at fleire føresette vel å køyre elevane til skulen om morgonen og hentar dei etter skuleslutt. Dette føre til stor trafikk ved rundkøyringa utanfor skulen. Det kan vera mellom 15 og 20 bilar i kø for å henta elevar. Dette fører til trafikkfarlege situasjonar og me er redde for at elevar skal koma til skade når dei går eller syklar til og frå skulen. Me oppmodar føresette på det sterkaste om å setja av ungdomen nede ved buss-stoppet der skuleskyssen set av andre elevar. Om ikkje dette kjennes trygt, kan ein sleppa dei av ved Spar Haga. Minner også om at Nasjonal Transportplan (NTP) oppmodar om at 80% av skuleungdom skal gå eller sykla til skulen. Me tenkjer dei aller fleste ungdomane ved Nordbygdo greier fint å gå opp bakken til skulen.

Med venleg helsing,

Pål Roseth
Rektor, Nordbygdo ungdomsskule

Informasjon frå Stord kommune kring koronaviruset

Informasjonshefte 2021-2022

Informasjon frå mobbeombodet i Vestland

Informasjon frå mobbeombodet i Vestland 

Administrasjon og kontor-tilsette

Tittel Namn
Rektor: Pål Roseth
e-post: Pal.Roseth@stord.kommune.no
tlf: 53454401 / 489 90 908

Assisterande rektor

Utdanningsrådgjevar

Anne Hege Rogne
e-post: Anne.Hege.Rogne@stord.kommune.no
tlf: 53454402 / 926 65 332
Sosialrådgjevar

Kristin Koløy
e-post: kristin.koloy@stord.kommune.no
tlf: 53454403 / 412 13 795

Kontor Marianne Christensen Føyen
e-post: Marianne.Christensen.Foyen@stord.kommune.no
tlf: 53 45 44 00 /  91 76 61 09

Lærarar og assistentar finn du under kvart klassetrinn.

Pedagogiske nettressursar