1. Omtaksering av verk & bruk

Dagens verk og bruk vert å sjå som næringseigedom frå 2019 og må omtakserast etter reglane for næringseigedom innan utskrivingsfristen for 2019.

Unntak: Vasskraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og petroleumsanlegg så langt dei er omfatta av petroleumskattelova vert ikkje å sjå som næringseigedom frå 2019. For slike anlegg vidareføres gjeldande verdsettingsreglar for verk og bruk.

2. Det særskilte skattegrunnlaget for produksjonsutstyr og –installasjonar

For å unngå ein for brå reduksjon av kommunens inntektstap som følgje av omtakseringa, er det gitt ein overgangsregel til eigedomsskattelova §§ 3 og 4 som gjer høve til fortsatt å skattleggje produksjonsutstyr og –installasjonar i dei tidlegare verk og bruk med ein gradvis nedtrapping over sju år.

Skattegrunnlaget i overgangsregelen skal alltid setjast lik differansen mellom skattegrunnlaget ved utskrivinga i 2018 (verk og bruk-taksten) og skattegrunnlaget ved utskrivinga i 2019 (nærings-taksten)

Dersom kommunen eitt år lar vera å skrive ut skatt på det særskilte grunnlaget, fell retten til vidare utskriving bort.

3. Særskilte problemstillingar ved omtaksering

Dei nye reglane gir høve til omtaksering før 10 år. Kommunar som ønskjer det, kan såleis gjennomføre ny alminnelig taksering med verknad frå 2019.

4. Verk og bruk kor dagens reglar vidareføres

Eigedomskattelova § 4 vert endra, og det går fram av den endra føresegna at kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum ikkje skal sjåast som næringseigedom. Det går vidare fram av føresegna at for desse eigedomstypane skal produksjonsutstyr og –installasjonar som er ein del av føretaket, sjåast som ein del av eigedomen.

Dei nemnde anlegg skal skattleggjast på same måte som dei vert skattlagt i dag.

5. Endringar i reglar om skattesatsar

Eigedomsskattelova § 13 vert endra slik at maksimal skattesats ved første gangs utskriving av eigedomsskatt skal vera 1 ‰, og skattesatsen kan maksimalt auke med 1 ‰ pr år inntil maksimal skattesats (pr d.d 7 ‰) vert nådd.

ESKAN AS vil i løpet av hausten gå i gang med omtaksering av verk og bruk.

Her finn du satsar for eigedomsskatt.