vennebenk

Elevrådet har lenge ynskt seg vennebenkar til skulen. Tanken er at elevar som har lyst å finna på ein leik, kan setja seg på benken og så kan fleire elevar koma til og dei kan gjera noko i lag. Elevrådet har kjøpt inn ein benk, og så er me veldig takknemlig for at FAU har kjøpt to benkar til skulen. No gjenstår det at elevrådet finn gode plasseringar til benkane. Ein spontan reaksjon frå ein av elevane då benkane kom var at "no kan eg jo få meg nye gode venner!"