Thomas Sætre ny einingsleiar for Tekniske tenester

Det er med stor glede me kan melde at Thomas Sætre har takka ja til stilling som einingsleiar for Tekniske tenester!

Thomas Sætre er sivilingeniør med brei formell kompetanse innanfor tekniske fag, økonomi og leiing. Han har i tillegg opparbeidd seg ein solid og relevant erfaringsbase frå tidlegare arbeid i offentleg forvaltning og privat sektor. Sætre kom til Stord kommune og Tekniske tenester som prosjektleiar for to år sidan, og har m.a. hatt hovudansvar for den nye brannstasjonen som no er under bygging. 

Sætre har allereie vist at han innehar dei strategiske og personlege eigenskapane som skal til for å leie våre tekniske tenester i ein spennande endrings- og utviklingsfase. Sjølv uttalar han at han gler seg til å samarbeide vidare med gode kollegaer i Tekniske tenester og elles i kommunen. 

Me ynskjer Sætre velkommen som einingsleiar for Tekniske tenester!

Ny einingsleiar for tekninse tenester Thomas Sætre

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?