Takkar for seg som kommunedirektør
Etter litt over to år som kommunedirektør i Stord kommune har Tommy Johansen valt å gå vidare til nye utfordringar. Han sluttar i stillinga med verknad frå 01.01.26.

– Det har vore to spanande og lærerike år, og eg er takksam for samarbeidet med både tilsette, politisk leiing og innbyggjarane i kommunen. Etter ei totalvurdering, der også familiesituasjonen spelar ei sentral rolle, vel eg no å gå vidare og ta fatt på nye oppgåver, seier Johansen.
Ordførar Sigbjørn Framnes takkar kommunedirektøren for innsatsen og samarbeidet dei siste åra.
– Johansen har gjort ein viktig jobb i ei tid prega av både endringar og krevjande prioriteringar. Me ønskjer han lykke til vidare, seier ordføraren.
Kommunen vil i tida framover starta prosessen med å rekruttera ny kommunedirektør.
Sist oppdatert
