Årets folkehelseundersøkjing

FHI (Folkehelseinstituttet) gjennomfører ei digital folkehelseundersøkjing frå 16.oktober til 15.november.

Her vert blandt anna 100.000 innbyggjarar bedt om å svara på ei ca 20 minutt lang spørjeundersøkjing, kven som får spørsmål om å svara er tilfeldig trukke ut og ein får link tilsendt på sms. Målet er å få innsikt i helsedata som ein ikkje har tilgong til i nasjonale register. Det skal dekka tema fysisk og psykisk helse, søvn og levevanar.

Sjå Den nasjonale folkehelseundersøkelsen - FHI Lenke til et annet nettsted. for meir informasjon.

Kommunen oppmodar alle som får spørsmål om å svara, då høgare svarprosent gjev oss betre helsedatagrunnlag for vidare arbeid med folkehelse.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?