Ei veke med festival-moro for alle aldrar

Den nynorske litteraturfestivalen går frå 1. til 8. november.

Festivalplakat laga av festivalforfattar Anna R. Folkestad.

Falturiltu er veldig stolte av å ha lokale Anna R. Folkestad som årets festivalforfattar. Falturiltu sin raude tråd i 2025 – snill og vill – er inspirert av karakterane til Anna. Dei er ofte litt sprø og gjer dei
utrulegaste ting, men alltid med hjarta på rett stad!

80 arrangement!

løpet av festivalen kan du få med deg visuelle, litterære og
musikalske krumspring – rundt 80 ulike arrangement
- i Bømlo, Fitjar, Haugesund, Kvinnherad, Stord, Sveio og
Tysnes.

Under finn du bilder frå ein nydeleg opningsdag - med fulle hus både her og der. I Stord kulturhus var det utdeling av over 500 kakestykker når me feira årets festivalforfattar. Få med deg det rike programmet på Falturiltu si heimeside.

Anna R. Folkestad på Galleri Giga. Foto: Mónica Ferreira

Sist oppdatert

Fakta om Falturiltu

Den nynorske litteraturfestivalen Falturiltu blei starta i 2007 som eit initativ frå forfattarane Per Olav Kaldestad, Helga Gunerius Eriksen og Atle Hansen i samarbeid med Stord kommune som er eigar av festivalen.

Festivalen har over tid vakse til å bli ein av landets største festivalar med hovudfokus på barn og unge. I 2025 har festivalen 80 arrangement i sju ulike kommunar.

Falturiltu er støtta av Kulturrådet, Vestland fylkeskommune, Fritt Ord, Haugaland kraft, SKL, Sparebanken Norge og Stord kommune.

Programmet finn du ved å gå til Falturiltu si heimeside.

Fant du det du var på jakt etter?